Arrangementsinformasjon

Arrangementsinformasjon HaFo 2005

 

HaFo 2005 gjekk føre seg  5. og 6. mars i Osterøyhallen. Hallen var full med god stemning under opninga som starta laurdag kl. 10.00.

Leiar i idrettsrådet Arne Selstø sto for den offisielle opninga. Arrangørstaben som sto oppstilt i ein H og F mot publikum markerte samarbeid og samhald og arbeidet mot narkotika med å snu ryggen til hand i hand før HaFo-sangen vart spelt og deretter stilte seg opp for å klappa inn Tertnes og Brann-spelarane som viste alle korleis HaFo kan spelast med stor innsats og mykje gøy og moro.

Brann greidde også i år å dra sigeren i land etter at Tertnes hadde problem å skora mål på Kvisviken i handballdelen. Sluttresultatet i Martin Andresen sin første obligatoriske kamp for Brann vart 8-6.

Ordførar Kari F. Aakre delte ut ”banas beste” pris i denne kampen til Sølvi Hylleseth flott maleri med motiv av gamle Oster mala og gitt av Einar Johnny Selvik. Same spelar fekk utdelt i lag med Erlend Hanstveit ei gåve til begge lag frå arrangøren ved Atle ei HaFo-drakt som er sydd saman av ei Tertnes og ei Branndrakt med alle spelarane på begge lag sine autografar på. Til slutt fekk alle på begge laga kvar si rose.

Tertnes og Brann tok seg tid til å skriva autografar i foajeen etter dei hadde vore ein tur i dusjen.

Klokka 11.00 tok HaFo-turneringa til med spel på tre baner på tvers av hallen. I alt 43 lag deltok. 6. og 7.klasse deltok også søndag  då også finalane vart spela. I alt vart det spelt 85 kampar og delt ut 312 deltakarmedaljar. Mange deltok på HaFo-helga med mykje folk på tribuna heile laurdagen men også bra med folk når finalane vart spela søndag med pokal til dei seks vinnarlaga.

 

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar