Stjernelaget

Osterøy IL  har saman med Osterøy kommune starta opp Stjernelag!    (Noko av desse aktivitetane har tidlegare vore knytt til Spretten)

Stjernelaget til Osterøy er for ungdom/vaksne (14 år og oppover) med funksjonsnedsettelse eller som ikkje finn seg til rette på ordinære fotballag.

Stjernelaget er eit tilbod til alle. Det er trening kvar tysdag kl 17.00 til 18:30 med trenar Asle Markussen og Janne Stamnes.?

Alle som ynskjer å prøve seg er hjerteleg velkommen og får sjølvsagt ta med seg både foreldre og andre følgepersoner.

Laget skal delta i Stjerneserien der lagene speler kamper mot kvarandre i serieturneringer. Det er fokus på det sosiale mestringsfølelse og glede ved å drive idrett i både trening- og kampsituasjon.

Lurer du på om dette er noko for deg/ditt barn? Ta kontakt!

Kontaktinformasjon for Osterøy IL sitt stjernelag:

Kari Solberg? E-post: karisol3@online.no  Mobiltelefon:  909 41 025

Tore Langeland E-post: post@osteroyil.no Mobiltelefon: 908 78 512

For meir informasjon og kontaktinformasjon sjå plakaten nedanfor:

Plakat Stjernelag

Stjernelaget vil trene 1 gong i veka og vil etter kvart delta i Stjerneserien. 

Stjerneserien er NFF Hordaland sitt kamp- og serietilbod for spelarar som ikkje finn seg til rette på ordinære lag eller som har ein nedset funksjonsevne. Serien vert spela over seks serierundar (3 på våren og 3 på hausten) med dei ulike klubbane som arrangør. Serien vert delt inn i fem klassar for ungdom/vaksen kor ein spelar 5ar fotball.

Osterøy IL sitt Stjernelag vil delta i ungdom/vaksen mix klassen og vil bestå av spelarar gutar og jenter frå 13 år og oppover.