Info/Påmelding

HaFo-turnering 11.-12. Februar 2023

 

 

Informasjon til alle barneskulane og foreldre

 

 

Den årlege HaFo-turneringa for 3. til 7. klasse vert avvikla helga 11. – 12. Februar i Osterøyhallen.

Arrangementet startar kl. 10:00 laurdag 11. Februar med Hafo-song og opningskamp mellom eit handballag og eit fotballag.

 

Kva er HaFo?
HaFo er ein omgang med handball og ein med fotball. Omgangane varer 6 minutt. I finalane varer omgangane 10 minutt. Det deltek 4 spelarar inkl. målvakt på handballdelen og 4 inkludert målvakt på fotballdelen. Det kan nyttast inntil 4 innbytarar.

 

Det er reine jente- og gutelag. Jenter kan vera med på gutelag dersom ein ikkje klarar å stilla jentelag. Dei yngste spelar laurdag medan 6. og 7. klasse i utgangspunktet spelar begge dagar med finalar søndag.

 

Dersom nokre skular skulle ha problem med å stilla nok spelarar til enkelte lag vil komiteen kunne vera smidige i praktiseringa av reglane for aldersinndeling særleg dersom det er få elevar på klassesteget.

 

 

Konsept

HaFo-konseptet byggjer på at alle kan delta uavhengig av ferdigheiter. Det skal vera gøy og moro og ein positiv aktivitet med vektlegging på ballallsidigheit.

 

Hafo skal vera med å bidra til å samarbeid og samhald mellom elevar – og at ein blir kjent med elevar frå andre skular på Osterøy. Osterøy IL Handball legg stor vekt på fair play – og det er premie til alle – og gratis for både deltakarar og publikum.

 

Det er 19. gangen HaFo vert arrangert og det er vorte kjent som eit flott arrangement som sveiser saman klassar skular og foreldre på ein fin måte. Me ser derfor fram til turneringa og me håpar at skulane klarar å stilla med flest mogleg lag.

 

 

 

Påmelding / organisering

  1. Elevane melder seg på ved å levera påmeldingsslippen de finn nede på arket til kontaktlærar/klassekontakt. Ein forelder/føresett må skriva under på denne. Frist – snarast og innan fredag 27. januar.

 

  1. Kontaktlærarar/klassekontakt tek imot påmelding frå elevane og samlar desse og leverer dei vidare til
    klassekontakt.
  2. Klassekontaktar skaffar lagleiar alle laga i klassen

 

  1. Klassekontaktar/lagleiarar skriv inn informasjon på påmeldingsskjema (som skulen har fått) og sender påmelding av sine lag til post@hafocup.no innan onsdag 1. Februar.
    Dette kan også kontaktlærar gjera dersom skulen / kontaktlærar synest det er greiast.

 

  1. Foreldra/føresette er sjølve ansvarleg for å få elevane til Osterøyhallen. Foreldra / føresette er ansvarleg for elevane heile dagen. Det er sal av god mat i hallen denne dagen. Dei yngste spelar berre laurdag medan 6. og 7. klasse spelar begge dagar med finalar søndag.
  2. Lagleiarar har ansvaret for kampane og organiseringa av dette.
  3. Når kampprogrammet er klart sender Hafo-arrangøren dette ut til alle kontaktpersonar og til skulane. Lagleiarar må informera sitt lag og deira foreldre. Kampoppsettet vert og lagt ut på nettsida til osteroyil.no – klikk på fane handball.

 

 

Dersom det skulle vera spørsmål ta kontakt med:

Thor-Eivind Mjelde mobil 909 75 895 e-post post@hafocup.no

Beste helsing frå arrangørkomiteen
Styret i Osterøy handball og styret for HaFo 2023

 

————————————————————————————————-klipp ut – og lever til kontaktlærar                        Frist: fredag 27. januar

 

 

Namn:                                                                                                Klasse:                       

skal vera med på HAFO-turneringa

 

 

Underskrift av forelder/føresett:                                                                                

 

Eg kan evt. stilla som lagleiar: