Påmeldingsinformasjon

PÅMELDINGSINFORMASJON HaFo 21.-22.februar 2009

Det er klart for å melda på lag til HaFo-turneringa frå  16 januar.

Påmeldinga kan gjerast direkte på www.hafo.info under HaFo 2009/Påmelding 2009.

Skjema til internt bruk på skulane kan også nyttast dersom dette er naudsynt.

Generell informasjon ligger på HaFo 2009/Informasjonsskriv.

 

Skulane kan melda på så mange lag dei vil i 3.-7.klasse også fleire lag i same klasse.

NYTT AV I ÅR ER: i 3 og 4. klasse skal alle delta i MiX-klassen(har ikkje reine jente –og gutelag her).

I 5.– 7. klasse kan det meldast på i jente gut og mix –klasse. Dersom 5. – 7. klassane er store nok kan ein stilla med fleire gute og jentelag i tillegg til eit eller fleire mix-lag(jenter og gutar).Dersom det er elevar til ”overs” kan desse flyttast over til eit anna klassesteg dersom dette er ynskjeleg. Dette er særs viktig for dei minsteskulane.

Seriespel med finalar i 6. og 7. klasse. Oppmodar å melda på reine jente og guteklassar her for å få flest antall finalar men som før kan det verta naudsynt å forandra på klasseinndelinga og bytta om slik at alle skule-elevane får eit godt kamptilbod.

 

Blanda klassesteg spelar vanlegvis i den eldste klassen men skulen kryssar av der dei meiner laget passar best.

Det bør vera minst to jenter med på laget for å kunna stilla i mix-klassen.

 

Me gjer merksam på at detskalnyttast 1 påmeldingsskjema pr lag.

Dette gjeld også om det vert meldt på fleire lag i same klasse. Skild desse klassane med å føya til ulik bokstav farge eller anna.

  • Skriv opp ynskja klassesteg laget skal påmeldast i.
  • Kryss også av for om laget bør delta i guteklasse jenteklasse eller miksklasse.
  • Skriv kor mange som er med på laget og kva klasse dei går i.
  • På mikslaga skriv ein også opp kor mange jenter som er med.

 

Det er viktig at skulen har ein kontaktperson som arrangøren kan henvenda seg til.
Denne kontaktpersonen vil få tilsendt liste over alle lag skulen har påmeldt til oversyn innan

6.februar. Kampoppsettet blir lagt ut på nettet.


Det er også viktig at kvart lag har ein ansvarleg kontaktperson (lagleiar) under turneringa også dersom det skulle oppstå endringar i siste liten.

 

Me må rekna med litt forandringar for å få til ei god kampavvikling for skuleelevane.

 

Kontaktperson Påmelding 2009: Kjersti kleppe

Påmelding skjer på www.hafo.info men skulane kan også nytta vedlagt skjema som i første omgang er tenkt til internt bruk på skulane.

Eventuelle spørsmål vert helst sendt via e-post eller faks.

 

E-post: kjeklep@online.no     Faks: 56 19 10 86        Mobil: 90046683

 

Me vonar på godt samarbeid for å fremja positiv aktivitet.

                        Påmeldingsfrist HaFo 2008 er 2.februar.