Ribbecup

«


OIL Ribbecup er eit årvisst trivselsarrangement der målet er å springe av seg noko av juleflesket som utvilsamt vil vere i ferd med å legge seg på stader det er vanskeleg å bli kvitt. Samstundes gir turneringa høve til vennskapeleg tevling med ball – noko som alltid er morosamt..

I år vert turneringa arrangert lørdag 26. – søndag 27. desember.

Turneringa har til no vore ein stor suksess og vonleg vil denne trenden halde seg også i tida framover.

I OIL Ribbecup kan nesten alle delta. Det einaste kravet som vert satt er du fyller eller har fylt 15 år før året er omme.

Turneringa femner om fire klassar:

1 – Aktiv Klasse

2 – Mosjonsklasse.

3 – Damer

4 – 50 +

Me gjer merksam på at det er ikkje høve til å stilla med aktive spelarar i mosjonsklassene. Med aktive spelarar meiner ein spelarar (over 15) som har spelt aktiv organisert klubbfotball i løpet av inneverande år. Uansett nivå. I 50+ klassen må alle deltakarar ha fylt 50 år ila 2015 – eller vera eldre.  I dameklassen er det ingen restriksjonar men spelarane må vera 15 år.

Her kan du lesa meir om reglane.

Påmelding tek me mot på e-post til post@ribbecupen.no eller ved hjelp av påmeldingsskjema på www.ribbecupen.no. Prinsippet om først til mølla vil gjelda.