Informasjonsskriv

Informasjonsskriv

HaFo-turnering 2.-3.februar 2008

 

 

Kva er HaFo?
HaFo er ein omgong med handball og ein med fotball. Omgongane varar maks ti minutt kvar. Det deltek 5 spelarar inkl. målvakt på handballdelen og tilsvarande 4 på fotballdelen. Det kan nyttast inntil tre innbytarar. Det vil verta jente og guteklassar frå 3. til 7. klasse. Miksklasse er også eit alternativ.
Dei yngste spelar lørdag mens 6. og 7. klasse spelar begge dagar med finalar søndag.

Ein vil vera smidige i praktiseringa av reglane for aldersinndeling særleg av omsyn til dei skulane med få elevar.

Konsept

HaFo-konseptet byggjer på dei fem turneringane som allereie er avvikla:

 

        Gratis for både deltakarar og publikum
Premie til alle

        Ballsidigheit
Alle kan delta   
Samarbeid og samhald
Gøy og moro
Positiv aktivitet
Fair play

Gjennomføring
Arrangementet vil gå føre seg 2. og 3. februar i Osterøyhallen med spel på tre baner på tvers av hallen. Turneringa startar med opning laurdag kl 10.00 der Valestrand Hjellvik og Osterøy vil spela oppvisningskamp. Ordførar Kari Foseid Aakre stiller også i år opp og deler ut prisen for banas beste. Prisen er i år laga av HaFo kunstnaren Esle Karin Bysheim.
Sundag fortset turneringa med enkel opning kl 10.50.

Me håper på godt samarbeid slik at flest mulig av skulebarna kan koma saman HaFo-helga til positiv aktivitet.

Ansvarleg arrangør er Osterøy IL handballgruppa i nært samarbeid med fotballgruppa i Osterøy IL.

Meir detaljer finn ein på www.hafo.info

 

Beste helsing frå arrangørkomiteen

Kjell Gjøstein Johanne Soltvedt Siri B.Tysse  Norvald Børtveit

Kjersti Kleppe  Anne Lise Hoshovde Ivar Solberg Tore Langeland og Svein Lohne