Arrangementsinformasjon

Arrangementsinformasjon HaFo 2003      

 

 

HaFo 2003 gjekk føre seg  22. og 23. februar i Osterøyhallen. Det var første gang HaFo-turneringa vart arrangert men likevel mykje folk og god stemning under opninga som starta laurdag kl. 10.00.

Styreleiaren i Osterøy I.L Jørgen Varden sto for den offisielle opninga. Arrangørstaben som sto oppstilt i ein H og F mot publikum markerte samarbeid og samhald og arbeidet mot narkotika med å snu ryggen til hand i hand før HaFo-sangen vart spelt og deretter stilte seg opp for å klappa inn Tertnes og Brann-spelarane som viste alle korleis HaFo kan spelast med stor innsats og mykje gøy og moro.

Tertnes såg ut til å vinna oppvisningskampen og leda 9-2 etter handballdelen. Brann imponerte i fotballdelen og spesielt Jo Solberg (Innleigd frå O.I.L for å ”styrkja” Brann) bidrog positivt til innhenting av forspranget. Til slutt var det Brann som gjekk av bana med ein 10-9 seier.

Alle spelarane fekk utdelt kvar si rose.

Tertnes og Brann tok seg tid til å skriva autografar i foajeen etter dei hadde vore ein tur i dusjen.

Klokka 11.00 tok HaFo-turneringa til med spel på tre baner på tvers av hallen. I alt 25 lag deltok. 6. og 7.klasse deltok også søndag  då dei 4 finalane vart spela. Nokre lag måtte melda avbod då mange var råka av influensa spesielt gjekk dette ut over laga frå Valestrand. I alt vart det spelt 70 kampar og delt ut nesten 200 deltakarmedaljar.
Det såg ut til at alle var fornøyde med den første utgåva av turneringa og HaFo-konseptet.