Vakthald

VAKTHALD

Må ha vakter til å passe på førunder og etter opning.
Det er størst trong for dette frå 9.30 og til etter opninga er ferdig.

 

Frå 9.30
– Vakt i oppgang tribune/foajé 2 stk. Styre publikum opp på tribune og eventuelt sleppa inn dei 8 laga som skal spela dei fira første kampane på oppmerka plasser i salen. Desse får koma først i autografkøen.
– Vakt på tribune som passer på at folk trekker innover og at reserverte plasser vert riktig besatt. Fylja personar opp eller ned sal/tribune reserverte plasser.
– Vakt nødutgang tribune. Syta for at døra er open før og under opninga slik at folk kjem inn denne vegen.
– Vakt ute til å styra folk inn nødutgang for å sleppa kork i trappeoppgang og i byrjinga på tribune. Plakat om ekstra inngang på garderobesida.

Ved senking av skiljevegg må ein passa på at ingenting er i veien for veggen på tribuna. Verken folk eller lysutstyr.
Dette må skje med ein gang etter opninga når det er svært mykje folk på tribuna.

Det kan verta nødvendig  at vaktane må hjelpa til ved demontering/utbering av utstyr til oppføring av HaFo-sangen. Dette må planleggjast nøye i lag med dei som opptrer på forhand då tida er knapp før oppvisningskampen startar og det er mykje utstyr som skal ut. Nødutgangen på klatreveggsida må brukast.

Etter oppvisningskampen er ferdig og mens spelarane står oppstilt skal vaktane i samarbeid med dei på kjøkkenet bera inn stol og bord til autografskrivinga i Sal C(står klare i gangen u/trapp tribune). Set opp kjegler der køen byrjar og ser til at dei som er sleppt inn i hallen og skal spela først kjem også først i køen. Alle som skal ha autografer må bruka den doble døra via gangen frå foaje. Etter at autografskrivinga er ferdig ryddast det klar for kampar også på Bane C. Det skal under heile turneringa vera ein vakt som går rundt og passar på. I lag med ansvarlege for kvar sine ting passar vakten på at alle som er ledige stiller opp på premiutdelinga slik at me får ei god ramme rundt utdeling av premiane.
Det må passast på at ingen opphalder seg i salen som ikkje skal vera der. I utgangspunktet skal det vera kun arrangørstaben og spelarar med lagleiarar til og frå kamp som har noko her å gjera. Det vert sett opp plakatar på alle dører og på vegger for å styra laga inn på rett bane. Minst muleg trakking på tvers av på tribunelangsida. Under finalane skal alle som kan vera på tribuna og ingen aktivitet på Bane A og C.