Påmeldingsinformasjon

       PÅMELDINGSINFORMASJON HaFo 2007

Det er klart for å melda på lag til HaFo-turneringa frå 5. mars.

Påmeldinga kan gjerast direkte på www.hafo.info under HaFo 2007/Påmelding 2007.

Skjema til internt bruk på skulane kan også nyttast dersom dette er naudsynt.

Generell informasjon på HaFo 2007/Informasjonsskriv.

 

Skulane kan melda på så mange lag dei vil også fleire lag i same klasse.

Det vil sei at dersom klassen er stor nok kan ein stilla med eit eller fleire reine gute og jentelag i tillegg til eit eller fleire miks-lag(jenter og gutar). Dersom det er elevar til ”overs” kan desse flyttast over til eit anna klassesteg dersom dette er ynskjeleg. Dette er særs viktig for dei minste skulane.  

Seriespel med finalar i 6. og 7. klasse. Oppmodar å melda på reine jente og guteklassar her for å få flest antall finalar men som elles kan det verta naudsynt å forandra på klasseindelinga og bytta om slik at alle skuleelevane for eit godt kamptilbod.

 

Blanda klassesteg spelar vanlegvis i den eldste klassen men skulen krysser av der dei meiner laget passar best.

Det bør vera minst to jenter med på laget for å kunna stilla i miks-klasse.

 

Me gjer merksam på at det skal nyttast 1 påmeldingsskjema pr lag.

Dette gjeld også om det vert meldt på fleire lag i samme klasse. Skild desse klassane med å føya til ulik bokstav farge eller anna.

  • Skriv opp ynskja klassesteg laget skal påmeldast i.
  • Kryss også av for om laget bør delta i guteklasse jenteklasse eller miksklasse.
  • Skriv kor mange som er med på laget og kva klasse dei går i.
  • På mikslaga skriv ein også opp kor mange jenter som er med.

 

Det er viktig at skulen har ein kontaktperson som arrangøren kan henvenda seg til.
Denne kontaktpersonen vil få tilsendt liste over alle lag skulen har påmeldt til oversyn mandag 19. mars.


Det er også viktig at kvart lag har ein ansvarleg kontaktperson (lagleiar) under turneringa også dersom det skulle oppstå endringar i siste liten.

 

Me må rekna me litt forandringar for å få til ei god kampavvikling for skuleelevane.

 

Kontaktperson Påmelding 2007: Ivar Solberg

Påmelding skjer på www.hafo.info men skulane kan også nytta vedlagt skjema som i første omgang er tenkt til internt bruk på skulane.

Eventuelle spørsmål vert helst stilt via e-post eller faks.

 

E-post: is@jakta-metall.no      Faks: 56 19 33 30        Mobil 48 10 72 77

 

Me vonar på godt samarbeid for å fremja positiv aktivitet.

 

 

Påmeldingsfrist HaFo 2007 er 16.mars.

(Påmeldingsinformasjon i lag med skjema plakat og generell informasjon vil verta sendt skulane innan 5. mars då påmeldinga kan starta)