Konsept
KONSEPT |
HaFo er ein omgang med handball og ein omgang med fotball 2 x 6 min 2 x 10 min i finalane og oppvisningskampen.
Det er 5 spelarar på kvart lag inkl. målvakt på handballdelen med inntil tre innbytarar som kan byttast når ein vil.
På fotballdelen er det 4 spelarar. (Ein mindre)
HaFo – turneringa er for alle barneskulane på Osterøy frå 3. – 7. klasse.
6. og 7. klasse spelar både laurdag og sundag med finaler sundag.
3. – 5. klasse spelar laurdag med premieutdeling av HaFo-medaljar same dag.
Det vert delt ut pokalar for alle HaFo-meistrane for dei to eldste klassetrinna etter kvar finale på sundag.
Alle får HaFo-medaljar.
På www.hafo.info vil ein finna all informasjon ein treng om HaFo og HaFo- konseptet som byggjer på følgjande forutsetningar:
Gratis både å delta og sjå på
Premiering til alle inkl. pokalar til 6. og 7. klassane
Ballsidigheit alle kan delta
Samarbeid og samhold
Gøy og moro
Positiv aktivitet
Før turneringa startar vert det opningsseremoni med innlagt offisiell opningstale HaFo – sang HaFo – oppvisning av kjente voksne spelarar helst Tertnes mot Brann.
Fokus på Lions Osterøy sitt arbeid for Nei til Narkotika.
Samhold og samarbeid står sentralt.
Alle i arrangørstaben går i like genserar i raud grunnfarge med sponsorlogo frå:
-Framo
-Jakta Metall
-Lions (Nei til narkotika)
-Laksevåg Sport
-Tysse Mek
Dommarane brukar ditto genserar men med svart grunnfarge.(Oftast)
Det er ynskeleg å få med seg desse som støttespelarar for å kunna tilby arrangementet gratis til deltakarane. Handball og fotballkretsen vert også forespurt.
Hovudsponsor til Osterøy IL er ynskja som hovudsponsor til HaFo.