Fana Stadion 11.5.2022 Sterk sesongopning i Arna Risa Classic

Trygve Feidje Mjelde vart nr. 2 i A-heatet på 3000m med fine 8.15,92 – nokre tidelar bak fjorårspersen. Persen rauk med litt for passiv springing bak ein rygg mellom 2000 og 2600m. Då Trygve gjekk opp på sisterunden vart farten skrudd opp igjen. I B-feltet på 3000m opna Dagfinn Gjerstad pent og pynteleg og låg likt med skjema til rundt pers 8.59 då 1000m gjenstod. Då vakna endeleg villdyret, og Dagfinn kom inn på 8.44,57 (1074p) pers med 15 sekund! Jonas Skjerven i Mjøsdalen persa også med 9.28,31. På 800m fekk Vegard Høylo Trefall ei fin reise. Han la seg perfekt som nr. 3 i feltet og passerte 200m på 28 blank og 400m på høge 57. Ørlite defensiv mellom 400m og 600m, men Vegard stod distansen godt i sesongopninga under langt frå optimale forhold. I mål viste klokka 1.58,89 (1019p) – nokre hundredelar bak pers. Sesongen 2022 skal gje oss mykje moro! (tekst:BV)