Sesonginnspurt

Øyvind Bjordal i kjent positur på Arna Idrettspark. I kveld tok han lagsrekorden i MV 45-49 på 10 000m frå Harald Simmenes med 55 hundredeler. Tida blei 33.18.45. Pers også på Mirjam Mjelde på 800m med 2.41,43 og på Aslak Monstad med 2.25,26. Gode harejobbar av Per Ole Mostrøm (2.41,28) og Kjetil Monstad (2.23.01). I gleda over 10 000m-prestasjonen vart ingen av 800m-løparane «åvtekne». Ingen av ostringane sprang med piggsko, og det hadde vore ein fordel i kveld. Heile oppløpssida og noko av svingen var glatt. Elles heilt vindstille, men noko kaldt for 800m-løparane. Tekst BV

11.10.2020 Skien NM terrengløp lang løype.  Asklak og Noa sprang 4 km. Bjarte sleit seg gjennom 6 km (foto: IngriMjeldeBirkeland)

Først foredrag med Gjert Ingebrigtsen laurdag kveld, så sjølve springinga søndag ettermiddag. «No skal me heim og trena», var konklusjonen til våre lokale deltakarar.

Om sjølve løypa og arrangementet skriv kondis.no i ein fyldig bildereportasje: «Arrangørklubber var Gjerpen IF, Herkules og Urædd. Løypa snodde seg på de småkuperte områdene på fritidsparken i Skien. Underlaget med gress, jordsti, og noen få steder grus viste seg å bli utfordrende – og ga stor spredning i de ulike klassene. Det er fint løpsvær, lettskyet, nesten vindstille, og ca. 12 grader.»
Noah Raknes var førstemann ut i G15. Her var det ekstremt høgt nivå, og Noah vart nr. 13 på tida 14.49 i den 4 km lange løypa etter eit jamt løp. I heatet etterpå vart Aslak Monstad også nr. 13 i G16 med tida 14.44. Han låg fire skund bak passeringane til Noah på det meste, men dunka til med ein solid langspurt.

Jentene sprang også 4 km, og her gjorde Emma og Anna Hanstveit frå Mjøsdalen det svært godt. Emma tok bronse i J16 år på 14.52, berre 10 sekund bak sølvmedaljen. Anna kom nokre få sekund bak. Laurdag spring dei to tvillingane par-stafett i REMA 1000 Brakvatnet Halvmaraton, medan Noah og Aslak spring for Team Ungdom.

Også i veteranklassane var det høgt nivå, og Bjarte Vik måtte finna seg i å bli sist mellom dei som fullførte i MV 50-54. «Berre bit tenna saman og spring» var beskjeden han fekk då han signaliserte til heiagjengen frå Osterøy at eine skinka hadde fått seg ein strekk. Og då var det ikkje anna å gjera. Tida vart 25.09 på 6 km. Tekst BV