Ungdomsmeisterskap Jessheim 6. – 8. september 2019

UNM bronse til Magnus Gjerstad G18/19 på 2000m hinder 91.4 på 6,24,87. UNM sølv til Magnus Reigstad G16 i lengde med 6,40(+2.6)

arrangørlink  

UNM bronse til Magnus Gjerstad G18/19 på 2000m hinder 91.4 på 6,24,87 (foto:AR)

(aldersrekord Osterøy G-19)

UNM sølv til Magnus Reigstad G16 i lengde med 6,40(+2.6)

Arne Reigstad er også på plass som trenar på Jessheim og utfyllande fakta om innsatsen til deltakarane.

Søndag

Tredje dag. Allereie kl 10 var Magnus klar til lengdekonkurransen. Det vil sei ikkje så klar som han burde vore, for innløpinga var ikkje bra. Sjølv med berre 10 grader i lufta var tilløpet 1m lengre enn vanleg. Dødt i første og andre hopp gjorde det ikkje enklare. I eit sikringshopp i tredje omgang hoppa han seg inn på andreplass og klar for finaleomgongane. Det vart berre eit gyldig hopp til, men det heldt til sølv. I dag hadde dei fleste hoppa effektiv lengde på minst 6,60 så fire ugyldige var litt synd. Så bar det rett til finale på 200m. Frå bane 8 vart det ein god fjerdeplass med tunge og stive bein. Mellomdistanseløparane våre hadde ikkje bein til gode prestasjonar i dag. Magnus G kjente hinderløpet såpass godt at han vart verande i hotellsenga framfor å springa 800m. Marianne og Marie kjempa seg heroisk gjennom sine løp. Synd at Marie vart offer for svake arrangørar i dag igjen. Det tok 40 min frå innmarsj til start. Det er ikkje lett å halda varmen vedlike så lenge i vind og kulde utan å få tunge bein. Då enda årets UM med tre medaljar. Det er flott.

Lørdag med 10 timar med UM i regn og vind.. Arrangøren sleit til tider med å halda tidsskjema, noko som førte til mykje venting for særleg Marie og Marianne. Dei takla dette betre enn dei fleste. Magnus R var tidleg i gang i dag og.

Forsøk og semifinale på 200m gjekk greitt, sjølv om dei hardaste konkurrentane fekk betre tider. Fordel å vera stor og sterk i så kraftig motvind som i dag. Finale i morgon.

Så var det Marianne sin tur, og endeleg vart det stang inn. Godt tilløp og god planke i heile konkurransen på trass av berre 10 grader og kraftig regn og medvind. Etter tre omganger låg ho på femteplass, men så klinka ho til med 11,21 og gjekk rett i tet. Berre ei jente tukta dette resultat og dermed enda det med eit svært gledeleg sølv.

Deretter bar det rett til kule, som allereie var godt i gang på grunn av forseinking i trestegavviklinga. Ho fekk aldri varme i fingrane og konkurransen vart difor under pari.

Marie fekk og laaang Ģoppvarmingģ i regnet. Arrangøren fann omsider fram til side to i heatoppsetta, slik at Marie og dei andre best seeda jentene kom avgarde. Eit jamnt og godt løp enda med 2.27 og 12. plass. God prestasjon i dagens forhold.

I kveldinga var det duka for hinderdebut på Magnus G. Løpet gjekk i fin terskelfart, så dei beste var samla til siste runde. Mot mål vart det eit durabaleg spurtoppgjer om plass to til fire. Magnus kapra bronsen. Med litt meir konvensjonelle hinderplasseringar kan dette bli ei svært god øving for fightaren Gjerstad. Ein kald og gøy dag med fire flotte utøvarar.

Regn, vind og tidsskjema gav utfordringar både for arrangør og deltakarar.  Marianne F Mjelde med utstyr for regn, vind og manglande varmegrader.  foto: AR)

8. september 

Stort felt på 2000m (foto:AR)

Marie Mostraum J15 

2000m m 7.27,13 nr. 16   (litt under 2 sekund frå Osterøy IL aldersrekord)

Magnus Gjerstad g18/19

800m DNS

Magnus Reigstad G16    (foto:AR)

UNM sølv til Magnus Reigstad G16 i lengde med 6,40(+2.6)

4. plass på 200m med 23,33(+2.7)

Marianne Feidje Mjelde J18/19    (foto:AR)

800m nr. 11  på  2,34,64

7. september 

Marie Mostraum J15 

800m nr. 12 av 24 med 2,27,37 (vel 2 sekund etter årsbeste)

Magnus Gjerstad g18/19

UNM bronse til Magnus Gjerstad G18/19 på 2000m hinder 91.4 på 6,24,87

Magnus Reigstad G16 

200m forsøk.  nr. 2 i sitt heat på 24,31(-4.0) og vidare. 6 beste tid totalt av 27

200m  semifinaleheat.  nr. 2 i sitt heat av 4 heat.  24,26(-3.3) og vidare til finale på søndag

Marianne Feidje Mjelde J18/19 

UNM sølv i tresteg til Marianne F Mjelde J18/19 med 11,21(+4.1). Lagsrekorden har ho med 11,09 sett i 2018

kule 4 kg nr. 8 med 8,89m

6. september

Magnus Gjerstad g18/19

nr. 12 på 3000m med 9,00,68

Magnus G gjorde ein god 3000m. Løpet vart som ei fartsleikøkt med drag på langsidene og rolege svingar. Formmessig opptur frå jrNM.  I morgon skal han debutera på hinder. Spanande.

Marianne Feidje Mjelde J18/19

nr. 12 i lengde med 4,54 (+0.2)

Marianne hoppa betre enn på fleire år, men traff diverre ikkje planken. Reell lengde på det første hoppet var tett på 5m. Teknikken er i klar betring, så klarar ho noko liknande på tresteg i morgon kan det bli bra.

Magnus Reigstad G16

11,56 (+2.1) 100m forsøk

11,73 (0.8) 100m semifinale og utslått

Magnus  var tidleg i gong og fekk endeleg ein god start på 100m i forsøket, og då vart løpet det raskaste han har gjort (men +2,1). I semifinalen bomma han heilt i starten, og dermed vart det ikkje finale. Gler seg til 200m og lengde.

Mjøsdalen IL

8.9. 2000m

Anna Hanstveit J15   6,45,79

Emma Hanstveit J15   6,50,57