Bruviknipa opp 18.6.2017

BRUVIKNIPA OPP 18.6.2017 (tekst/foto BV)        websida    kondis.no     
Det var fin stemning og gode tilbakemeldingar frå løparane etter Bruviknipa Opp i dag, trass i langt frå ideelle forhold. Brit-Helen Simmenes gjorde eit sterkt løp og vann kvinneklassen soleklart. I herreklassen blei det ein kamp mellom nr. 2 og nr. 3 i Norgescupen i motbakkeløp, Erling Hisdal og Ketil Monssen.

21 løparar var med i konkurranseklassen. Mjøsdalen stilte med ein solid tropp, medan motbakkeløp rett og slett ikkje fenger store massar av løparane i Osterøy IL.
Resultat i konkurranseklassen

Kvinner
43.57 Brit-Helen Simmenes (42), Løplabbet
54.55 Hanne Liland (48), Varegg IL
71.00 Linda K. Hugnadstad (37), Lonevåg Barnehage

Menn
35.39 Erling Hisdal (34), IK Tjalve
36.00 Ketil Monssen (34), BFG Bergen Løpeklubb
38.20 Anders J. Kjærevik (30)
38.59 Magnus Morskogen (30), Samnanger IL
40.40 Øystein Hanstveit (54), Mjøsdalen IL
40.53 Kjetil Dyrvik (53), Voss folkehøgskule
42.35 Bjørn Harald Bongom (50), Varegg IL
43.32 Mats Mollandsøy (26), BFG Bergen Løpeklubb
45.16 Morten Tronstad (44), Varegg IL
45.27 Vebjørn Haugsdal (25), Masfjorden
48.05 Rune Gjerstad (60), Mjøsdalen IL
49.53 Magne Espelid (53), Mjøsdalen IL
52.20 Aksel Øvsthus (64), Mjøsdalen IL
58.47 Birger Hanstveit (74), Mjøsdalen IL
59.36 Kristian Olsen (47), Bruvik IL
62.20 Steinar Tysse (72), Mjøsdalen IL
66.00 Harald Haugsdal (66), Masfjorden
66.03 Tony Lillefosse (59), Osterøy IL

Deltakarar i turklassen: Selma Skjold Olsen Oskar Skjold Olsen Viljar Anderson Jofrid Anderson Tiit Anderson
Forsiktig på nedturen!   (foto ME/Mjøsdalen facebook)
BV facebook oppslag nedanfor
tetgruppa
Bjarte Vik Damevinnar Brit-Helen Simmenes la seg tidleg i rygg på Morten Tronstad frå Varegg,
medan Vebjørn Haugsdal frå Masfjorden følgde på i hælane hennar.
I mål var Brit-Helen halvanna minutt føre mannfolka. Foto: Åse Hartveit Faugstad
Bjarte Vik Birger Hanstveit (74) har vore lenge skada og manglar nok den vanlege solide grunntreninga,
men kom seg likevel opp godt under timen. Eit fall skaffa han ei lårhøne han temmeleg sikkert kjenner
når han reiser seg frå senga i morgon tidleg, men Birger let seg ikkje stoppa av eit litt ublidt møte med ein stein.
Foto: Åse Hartveit Faugstad
Bjarte Vik Hanne Liland frå Varegg IL er av dei som kjem igjen og igjen til løp på Osterøy. I dag vart det løna med andreplass,
tida 54.55, pengepremie og ikkje minst ein fin søndagstur til fagre Bruvik. I går sprang Hanne motbakkeløpet Molden Opp,
noko ho ikkje såg ut til å vera hemma av i dag. Tvert imot.
Foto: Åse Hartveit Faugstad