Litt for kort

Det var i samband med eit studie om friidrettsbaner i Hordaland at dette diverre synte seg å vera tilfelle. 

Årsaka skal vera at ved oppmerking vart det nytta feil desimeteravrundingsreglar. Heldigvis er feilen berre på 98 cm og kan truleg opprettast ved ny oppmerking.   Ettersom ein løpar normalt ikkje spring snorbeint er det vel i realiteten ingen som har sprunge for kort, men det er eit argument som vert blankt avvist av Friidrettsforbundet.  Alle løpsresultat på 200m og lenger er sålangt suspendert til Friidrettsforbundet sine innleigde banekontrollørar har gjort sine undersøkingar. 

Jakten på syndebukkar har alt starta opp.  Første banestevne på Osterøy Stadion er 25. mai og det er von om at alt skal vera retta opp til den tid.  Det som kan verta krevjande er å få rydda opp i banerekordar, lagsrekordar og statistikkar om det visar seg at påstanden om for kort bane er rett.

Personen som ønskjer å vera anonym angrar på heile studiet.