Ribbecup 2012

 

Som vanleg vert det ein aktiv klasse og ein mosjonsklasse i «Byggtorget Ribbecup».  I den aktive klassen kan kven som helst vera med, berre dei er gamle nok. I mosjonsklassen er det annleis; her er det ikkje plass til dei som har spelt aktiv fotball i kretsregi – uansett nivå – i løpet av året 2012. Ein enkel regel, som me har diskusjonar på kvart einaste år i forkant av turneringa. Reglane finn du i menyen til venstre – under Ribbecup.

Elles legg me turneringa opp slik at gruppespelet for dei aktive og dei mosjonerande går kvar sin dag. Truleg vil mosjonsklassen gå av stabelen torsdag, då me reknar med at det vil bli flest lag påmeldt i denne klassen. Fredag blir det ōg sluttspel for begge klassar. Om me får så mange påmelde lag at me ikkje «får plass» til alle kampane vil sluttspelet gå sundag 30. desember.

Meir informasjon om årets cup finn du under «Ribbecup» i menyen til venstre.

PÅMELDING INNAN 19. DESEMBER

Elles helsar me ny hovudsponsor for cup’en velkommen; Byggtorget Bergan Bygg.