Intervalltrening torsdagar
Siste intervalltrening med Brakvatnet torsdag 11. oktober kl. 1830.
Frå neste veke (18. oktober) vert torsdagsintervallen på bana Hatland kl 19.
Siste torsdagsintervall 11. oktober Brakvatn 18.30 m.m
Siste intervalløkt i mosjonsgruppa på Brakvatn denne sesongen. Vi avsluttar med bakkeintervall til Erstad 🙂
Frå neste veke (18. oktober) vert torsdagsintervallen på bana Hatland kl 19. Der har vi lys. Tanken er at baneøkta skal vere eit tilbod for dei veteranane som har lyst og vere med på Holmenkollstafett også. Bjarte Vik har lova å vere med på eit par økter og gje oss nokre tips om trening bane. Etter uteøkta blir det ei innandørs basisøkt med enkle og effektive stryrkeøvingar i idrettshallen frå 20 til 21. Den skal passe både for gamal og ung. Dei som er yngre enn ungdomskulealder må ha fylgje med ein vaksen. Herdis