Dagens andre UM-bronse til Osterøy IL. Vegard Høylo Trefall på 48,17 (1089p) frå bane 1 på 400m. Han senka persen frå 49,39 og var rett bak lagsrekorden til Martin Kåstad på 48,06 . Kanon i årsdebuten på distansen. I kveld blir det feiring med taco og kake. (BV:foto/tekst)

Ungdomsmeisterskap friidrett Stjørdal 5. – 7. september 2029  Arrangørlink 

Starttider med atterhald om feil.  Det er direkte seeda finaleheat på øvingar 400m og lengre.

393 Dagfinn Gjerstad G18/19 3000m fre 12.50 20 påmeldte DNS
393 Dagfinn Gjerstad G18/19 2000m lørdag Gull 6,38,61
393 Dagfinn Gjerstad G18/19 800m søndag nr. 13 1,58,90
394 Eirik Reigstad G 18/19 lengde fredag Bronse 6,45 (0.0)
394 Eirik Reigstad G 18/19 høgde søndag nr. 7 1,71
395 Vegard Høylo Trefall 400m fredag Bronse 48,17 pers
395 Vegard Høylo Trefall 800m søndag Sølv 1,52,81

 

 

Gratulera Eirik Reigstad og trenar Arne med UM-bronse i lengde på sterke 6.45 (0 i vind). Det vart ein særs spennande og jamn konkurranse i 18/19-årsklassen. Berre tre centimeter skilde opp til sølv og det same ned til 4. plass. Vinnaren fekk opp 6.67 i siste omgang. Også Eirik hadde sitt lengste hopp då, men dessverre ugyldig. Bronsen var den første medaljen til Eirik i nasjonale meisterskap. Ein god start for ostringane i veldig fine forhold i Stjørdal. tekst/foto: BV
UM-GULL TIL DAGFINN I HINDERDEBUTEN Gjerstad-gutar er ikkje redde for å prøva noko nytt, og i kveld debuterte Dagfinn på 2000m hinder under UM i Stjørdal. Forholda var perfekte, flagga hang rett ned og dei einaste bølgjene i vanngrava, var det løparane som stod for. I eit litt redusert felt i 18/19-årsklassen stakk Dagfinn frå alt idet startskotet small. Om ikkje teknikken var finslepen, så var det iallfall godkjend med tanke på at han aldri har hoppa over eit hinder. Tida 6.38,61 heldt til gull med 20 sekunds margin. Gratulerer!.(BV:foto/tekst)
Med dagens sølv på 800m sørga Vegard Høylo Trefall for at medaljesamlinga vår frå årets Ungdomsmeisterskap vart komplett. Med 1.50,85 stod han med nestbeste tid i det 12 mann store A-feltet i 18/19-årsklassen. Berre sølvvinnaren frå fredagens 400m, Sondre Lehmann frå Lørenskog, hadde eit par tidelar betre pers. Vegard håpa på ei god tid og satsa på å setja farten sjølv. Han var nok prega av kanonløpet på 400m, men let det få ein sjanse. Han drog frå start og sprengte etter kvart feltet. Det gjekk 700m før Lørenskog-løparen sprang forbi, inn til gull og ny pers 1.50,53. Oppløpssida for Vegard vart seig og han slakka av dei siste metrane, men kom likevel inn på 1.52,81. Fem stykke persa i feltet, mellom anna bronsevinnar Magnus Øyen frå Rindal med 1.53,55. Dette var nok den siste 800m til Vegard i år, men han er sugen på ein 400m til og ein 600m. (BV:foto/tekst)
Vegard sølv på 800m 1,52,81