foto: BV

Resultat 13.8.2025

John Arne Bernes 44 mv80 OIL 400m 1,25,98
Henrik Revheim 89 mv35 OIL 5000m 15,49,41
Martin Kåstad 90 mv35 MIL 5000m 17,13,27
Joar Nøkleby Lemme 97 ms OIL 5000m 17,38,97
Øystein Horsås 83 mv40 OIL 5000m 17,49,59
Inge Magnar Skjerven Hauståker 77 mv45 OIL 5000m 18,08,35
Daniel Bruvik 96 ms OIL 5000m dnf
Trygve Feidje Mjelde 94 ms OIL 800m 1,51,88
John Arne Bernes 44 mv80 OIL Spyd 400g 23,20
Even Mathisen 6 g-16 OIL Spyd 700g 34,63
Bjarte Vik sin fyldige tilbakemelding frå stevnet.
Det vart ein verkeleg fin onsdagskveld på Arna Idrettspark. For å starta med rosinen i pølsa: På 800m var det lagt opp til under 1.50, der haren Gjert Høye Sjursen passerte på 54-talet føre Andreas Fantoft (Gneist), Phillip Morken (Norna-Salhus) og vår mann Trygve Feidje Mjelde. Ein times tid før hadde sprintaren Sjursen sett banerekord på 100m med 10.94 – første mann under 11 sekund på stadion. Andreas Fantoft, som har Trygve som trenar/mentor, var nærmast å bryta grensa, og kom inn på ny banerekord 1.50,47, i sitt tredje løp på 1.50 i år. Trygve tok skalpen til unge Morken takka vera ein god måldipp og kom inn på imponerande 1.51.88, berre 29 hundredelar bak pers. Ikkje verst av ein langdistanseløpar!
På 5000m stilte 21 løparar, og det vart persar på dei fleste ostringane. Først av alle i mål var Henrik Revheim med fin pers 15.49,41. Han fekk god hjelp av haren Daniel Bruvik første halvdel. Neste ostring vart Christian Raknes (BFG-FANA) som tok ein liten frekkis og testa den raude Osterøy-singletten. Det gav solide 16.51,80 og tredjeplass i feltet. Mjøsdalens Martin Kåstad fekk litt trøbbel siste halvdel, men stod i det og kom inn på 17.13,27. Joar Nøkleby Lemme held fram persesirkuset og no stoppa tida på 17.38,97. Øystein Horsås tok løpet som god gjennomkøyring før København halvmaraton og fekk 17.49,59 etter ein fin spurtsiger. Inge Magnar Skjerven Hauståker sprang rimeleg jamt inn til 18.08,35.
Før dette hadde Even Mathisen (16) persa med 700 gram spydet til 34.63. John Bernes (81) heiv 400 gram spydet 23,20 og sprang 400m på 1.25,98. Linnea Bernes Setre vart dessverre sjuk og kunne ikkje stilla på 1500m, og dermed vart det også DNS på den tiltenkte og noko nervøse haren Bjarte Vik. Som ein ser på bildet var Sigbjørn Reigstad med som oppvarmingsansvarleg og maskot, forøvrig saman med Baard Raknes.
Alt i alt ein svært hyggjeleg og sportsleg fin kveld i Arna med mange ostringar på tribuna.