Jenter 10 i Osterøyserien

Søndag 2. oktober spelte Jenter 10 2 kampar i Osterøyserien på vår flotte bana i Fugledalen.

Jentene møtte Haus i første kamp. Forrige runde enda 3-3, så her bestemte me oss tidlig for at denne gongen var kun siger godt nok.

Spelarane var fullt konsentrert om å gjera jobben frå første avspark og det vart belønna med fleire scoringar.
Ved full tid stod det 3-2, noko me var strålande fornøgde med.

Etter denne kampen var det berre å gjera seg klare til dyst mot Valestrand-jentene. Gjekk ei lita stund før det vart "hol på byllen", men når det først vart det, så vart det Valestrand som fekk mål.
Enda 0-3 til gjestane, vart nok litt stritt for våre jenter å spela 2 kampar på rad utan pause.

Men neste gong tar me dei!


Martine klinkar til!


Rett i mål!


Og gleden er stor!


Nora fekk også inn ein fulltreffar.


Vår fantastiske keeper Nadja, redda oss frå mange fleire baklengsmål i kampen mot Valestrand.


Agate med ein flott pasning.



Margarita jobba som vanlig godt både framover og bakover på bana.


Ingenting å seia på Julie sin innsats.