Ny giv for J 16
No vonar me at J16-laget "vaknar" opp att. Me har fått tak i ein trenar frå Island som har spela høgt kvalifisert handball. Han er med på treningar frå mandag 26.9. kl. 17.30 i Osterøyhallen. Meir info kjem etter kvart.
Det er også ynskjeleg at så mange som mogeleg som har vore med i OiL tidlegare møter opp på treningane til J16. Dette for å utvikla laget og for å prøva å få til eit nytt damelag i OIL Handball.
Alle som har vore med eller kjenner nokon som har vore med tidlegare vert oppmoda om å informera om treningstidene til J16 OG bli med på treningane!!!