Første seriekamp for Jenter 10

Første seriekamp for Jenter 10.


Maren gjorde ein flott innsats i forsvar.

Søndag 18. september hadde Jenter 10 sin første seriekamp. Det var 6 spente jenter som møtte opp, 3 av dei med 1 års handballerfaring, medan 3 var heilt nye.

Kampen gjekk mot Løv Ham i Fyllingsdalen Idrettshall.

Osterøy-jentene gjekk tøft ut og hadde fleire gode målsjanser, men det var Løv Ham som laga første mål.
Like etter vart det utlikning på våre jenter.

Til pause låg me under 3-1 og det var både trenar og jenter godt fornøgde med.

Jentene kjempa i heile andre omgang, og sidan me ikkje hadde nokon innbyttarar vart det ingen pause på nokon av dei.

Sluttresultatet vart 8-6 til Løv Ham. Eit flott resultat for eit lag som omtrent ikkje har spelt ilag tidligare. Me ser fram til vidare kampar!


Madelen og Maria i forsvar.


Nybegynnar Martine hadde fleire målsjanser.


Ingenting å seia på innsatsen!


Martine jobba bra i forsvar også.


Nora med full fart i angrep.


Nora, Maria og Maren har fullt fokus på å stoppa Løv Ham spelarane.