Travel veke for Osterøy


Tøffe tak: Andreas Kollvangsnes har levert solid stopparspel for Osterøy denne sesongen. No går stopparveteranen inn i ei travel veke samen med Eirik Øvsthus og resten av Osterøy-laget.

Det går mot ein travel veke for Vidar Rosnes sine utvalgte. I morgon tek Osterøy i mot Trane på graset på Hatland. Allereie onsdag kjem Arna-Bjørnar 2 før NHH kjem på vitjing neste laurdag.

-Kampen i morgon mot Trane er ein kamp der kun 3 poeng er godt nok. Dette er eit lag me absolutt skal slå, seier trenar Rosnes til osteroyil.no. – Dei to neste kampane er adskillig tøffare. NHH er ein klar opprykkkandidat, og i lys av våre naboar si formkurve kan det sjå ut som om Arna-Bjørnar 2 er det òg, fortset han.

-Me har mista ein del spelarar over ferien, noko me etter kvart er blitt vane med. Robert Dyvik er på skule i USA, Frode Stokke reiste heim att til Haus, medan Kristian Daltveit har meldt overgang til Fotlandsvåg. Dette er spelarar me hadde hatt bruk for i haust, men me ynskjer dei lukke til på kvar sin kant. Klarar me oppretthalda den troppen me har att, skal det likevel gå greitt, smiler trenaren. -Me fekk i alle fall eit lite "boost" av å slå Lyngbø 2 på tirsdag. Ein god start på siste halvdel av sesongen er ikkje å forakta. Satsar på me følgjer opp prestasjonen i den kommande veka, sluttar han. 

Trane vart ved førre møte greitt sett til veggs av dei gul/gønne med ein komfortabel 3-1 siger. Vårkampen mot NHH var ein tøff batalje som enda med eit knepent tap. I seriepremieren mot Arna-Bjørnar 2 i april var heimelaget heldige som fekk med seg poeng. Osterøy leia den gong 3-1 til berre minuttar gjenstod. To mål på tampen sørga for poengdeling.

Det ligg med andre ord an til ei underhaldande veke på Hatland sitt grøne naturgras den kommande veka. Møt opp og hjelp i si ferd OPPOVER på tabellen.

Lørdag 20. august
Osterøy – Trane, kl 1500 på graset

Onsdag 24. august
Osterøy – Arna Bjørnar 2, kl 1900 på graset

Lørdag 27. august
Osterøy – Nhh, kl 1500 på graset