Cup-suksess i Telemark
OIL/FIL G13 deltok forrige helg i ei turnering i Porsgrunn. Gutane våre leverte ein kjempeinnsats, og vart belønna med finaleplass.
Bak f.v: Sander Gjøstein, Markus Løtveit, Jonas Lillejord, Mats Einar Hernar, Petter Gjerstad, Marius Stigen, Johannes Hatland, Hjalmar Hauge, Andreas Solberg,Ragnvald Markussen. Framme f.v: Fredrik Evensen, Benjamin Jørgensen, Johannes Helle, Lars Magne Johnsen, Adrian Vevletveit, Jonas Bernes, Mats Hannisdal. Liggande: Thomas Lillejord
Forrige torsdag morgon reiste Osterøy og Fotlandsvåg sitt G13-samarbeidslag med buss til Porsgrunn for å laga eit lite cupeventyr. Reisefølget var på heile 33 personear; 18 spelarar og 15 supportarar/støtteapparat i form av vaksne og yngre søsken. Innkvartering vart gjort på ein campingplass like utanfor sentrum, og med eigen buss gjekk det greit med transport fram og tilbake til cuparenaen.
OIL/FIL havna i pulje med Nannestad, Langesund og Rolvsøy. Tre sigrar resulterte i gruppesiger og a-sluttspel. I kvartfinalen venta Vestfossen. Gutane fortsatte i vinnarspore og innkasserte ein komfortabel 4-1 siger.
I semifinalen venta Frigg . Dette er eit lag frå ein klubb med lange tradisjonar, noko som og viste att ute på bana. Frigg var svært gode, og kampen var i overkant spanande. Etter å lagt under 2-0, snudde gutane våre til 2-2 til full tid. Dermed vart det ekstraomgongar. Også desse vart spanande, men ballen trilla OIL/FIL sin veg. Kampen enda 4-2 til våre gutar som dermed var klare for finalen. Rapportane fortel at dette var ein taktisk god kamp av OIL/FIL-trenar, Jon Steinar Hatland.
Teamtalk: OIL/FIL sin dyktige trenar, Jon Steinar Hatland, fortel kva som skal til for å at dette skal gå vegen. Sigeren mot Frigg var ein taktisk triumf.
I finalen var det Spydeberg som stod på motsatt banehalvdel. Tida fram mot kampen gjekk med til å prøva å restituera gutane. Dessverre møtte me eit friskare lag, og OIL/FIL gjekk tom for krefter. Laget tapte 3-0, men vant sølv. Det er noko gutane skal vera stolte av. Det vart ein lang tur heim og seint i seng, men med mange gode minner etter ein flott cuptur.
Pizzafeiring: Trass finaletap var det lite å seie på gutane sitt humør etter velblåst turnering. Sølvet vart feira med pizza!
GRUPPESPEL
FIL/OIL – Nannestad: 3-0
1-0 Fredrik Evensen
2-0 Johannes Helle
3-0 Fredrik Evensen
FIL/OIL – Langesund: 5-1
1-0 Johannes Hatland
2-0 Jonas Lillejord
3-0 Adrian Vevletveit
4-0 Jonas Lillejord
5-0 Johannes Helle.
FIL/OIL – Rolvsøy: 2-1
1-1 Johannes Helle
2-1 Jonas Lillejord
KVARTFINALE:
FIL/OIL – Vestfossen: 4-1
1-0 Johannes Helle
2-0 Johannes Helle
3-0 Fredrik Evensen(straffe)
4-1 Johannes Helle.
SEMIFINALE:
FIL/OIL – Frigg: 4-2 (e.e.o)
1-2 Fredrik Evensen (straffe)
2-2 Jonas Lillejord
3-2 Jonas Lillejord
4-2 Fredrik Evensen (straffe)
FINALE:
FIL/OIL –Spydeberg: 0-3