Frå seier til seier i Eidfjord

Guter 11 år frå seier til seier i Eidfjord cup !

Så var det tid for Eidfjord cup att.Fredag 24.06.2011 vart det  pakka ned fotballdrakter, telt og grillpølser, og ellers alt ein kunne få bruk for i løpet av ei helg, og så var det berre til å kjøra i vei og håpa på minst mulig kø på ferjekaien.
Vel framme i Eidfjord (ikkje så gale kø) pakka me ut, på med Osterøydrakt , så var det klart for  kamp for guter 11 år.Første kampen gjekk mot Haus, og der vart det seier 1-0 til Osterøy !


Arnbjørn gjev siste instrukser før kampen mot Haus.Spelarane virker litt
tankefulle..??


Steffen tek corner


Her er det lagfotografering, rett etter 1-0 seier over Haus


Steffen og Mathias

Neste kamp var på lørdag i Simadalen.Der møtte Osterøy gutane først bergen Nord Doffen. Måla rann inn til Osterøy, og kampen enda til slutt 5-1 til våre guter.

Besnik har kontroll


Fotball -mammaer….


Aleksander får med seg ballen


Christian, Steffen, Besnik


Mål …..


og….


endå ett


mål…


Neste kamp var mot Kringlebotn Ekorn.


Martin

Denne kampen vann Osterøy like godt 4-1!


Publikum og trenarar føl spente med på sidelinja…


Besnik, Martin,Andreas

Etter andre kampen lørdag var det tilbake til campingplassen, og tid til det ein hadde lyst til . Ein tur på butikken, besøke nabocampingvogna, spele litt fotball, bading (inne..), og avslapning.Om kvelden var det underhaldning, show og diskotek.
Kjekkast var det å spele fotball ute til seint på kvelden, foreldra sat og venta og fraus på campingplassen, mens fotballspelarane ikkje hadde det travelt med å komma seg heim og i seng.


Torstein

Søndag var det klart for siste kamp.Den gjekk på bana i Eidfjord, og var mot Vaksdal.Osterøy fekk snart overtaket, og hadde god kontroll på kampen som dei vann 6-2


Oppvarming i sklia


Dei ser fornøgde ut….


Keeper Jørgen har kontroll


Mathias,Andreas,Magnus


Steffen,Magnus,Christian,Torstein

Seier i alle kampane til Osterøy.Det var kjekt, og veldig kjekk helg i Eidfjord i år som i fjor.Det var heller kaldt i temperaturen , og dei nye gule og grøne huene og sjala var gode å ha. Veret kom seg utover i helga, og søndag var det varmt og fint.
Gratulerer så mykje til alle gutane for kjempeinnsats i kampane i Eidfjord,ynskjer alle ein riktig fin sommar.