Siger mot Fotlandsvåg

Lørdag 29. januar avslutta Osterøy si første "helgesamling" med treningskamp mot gode naboar frå Fotlandsvåg. Etter ein upresis førsteomgang, heva laget seg noko i 2. omgang og vann til slutt komfortabelt 8-2.

 
Ein sur og kald ettermiddag i Fugledalen utan spel som varma, var status etter dei første 45 minuttane. Omgangen vart prega av mange feilpasningar og lite framdrift frå heimelaget. Gjestane frå Tøflavåjen var låg lavt og var aggressive. Dette gjorde kampen vanskeleg for Osterøy, som ikkje klarte å skape særleg med målsjangsar.

Mot slutten av omgangen opna det seg litt opp slik at heimelaget til slutt gjekk til pause med 4-2 leiing.

Kvaliteten på spelet i 2. omgang var hakket betre enn i første. Ballen vart spelt hurtigare framover noko som resulterte i fleire sjansar for dei gul/grøne. Heimelaget var òg mykje flinkare til å vinna ballen kjapt tilbake, så Fotlandsvåg skapte lite i denne omgangen. Då dommaren blåste i fløyta for full tid stod det 8-2 i heimelaget sin favør.

– Alt i alt var dette er god gjennomkjøring for oss, seier Vidar Rosnes etter kampen. – Me fekk god trening i å spela ein kamp der me må jobba hardt for å finna opningar mot eit lag som ligg lavt i bana. Ein lærdom me heilt sikkert vil få bruk for kommande sesong, sluttar han


1-0: Ole Morten Tysse
1-1: Øyvind Tysse
1-2: Øyvind Tysse
2-2: Martin Dyvik
3-2: Martin Dyvik
4-2: Robert Dyvik (str)
5-2: Robert Dyvik
6-2: Sander M. Solberg
7-2: Ole Morten Tysse
8-2: Jørgen Vevle
 
Laget: Mathias( Morten 45), Anders, Frode S, Roger, Stian Å, Jørgen, Kristian, Robert, Bjarte, Martin, Ole Morten
Innb: Stian Svåsand, Vidar F, Sander, Aleksander Solberg, Kim