Æresmedlemmer
Til grunnlag for æresmedlemskap i OIL er tidlegare lagslov §18:
Som æresmedlem i laget kan årsmøtet utnemna personar som særleg har gjort seg fortent av laget, eller andre som laget vil æra. Berre eit samrøystes styre kan gjera framlegg til årsmøte om utnemning av æresmedlemer, og framlegget krev samrøystes vedtak på årsmøtet for å verta godkjent.
Retningsliner.
- Ved vurdering av om kandidatar er verdige for æresmedlemskap, bør heile innsatsen vedkomande har lagt ned til beste for laget leggjast til grunn. Dette kan omfatta aktivt arbeid som tillitsvald, instruktør, dommar, som aktiv utøvar, gjennom positiv innverknad på lagsmiljøet eller ved tilknyting til laget på annan måte.
- Æresmedlemskap bør vera eksklusivt og svært avgrensa. Samla tal æresmedlem i laget bør ikkje overstiga om lag 1% av samla medlemstal i laget. Grensa bør kunna praktiserast litt fleksibelt.
- Æresmedlemskap forpliktar laget i høve til invitasjon ved jubileum og verta hugsa på ved andre særlege høve. Æresmedlem har fritak frå medlemskontingent.
- Når styre og årsmøte har gjort samrøystes vedtak, skal ny æresmedlem med ektefelle/sambuar inviterast til festleg samkome og overrekkast medalje og gåve frå laget påført namn og årstal. Ved overrekkinga bør det framførast ein historikk over vedkomande sin innsats for laget.
- Æresmedlemskap står ved lag livet ut.
- Æresmedlemskap kan tilbakekallast ved vanleg fleirtalsvedtak i årsmøtet dersom vedkomande har gjort seg skuldig i misferd som stiller laget i vanry.
Desse er æresmedlem per november 2024
Fødd | Utnemnd: | |
Karl Johan Reigstad | 13.08.1944 | 2011 |
Øyvind Litland | 21.03.1947 | 2011 |
Marta Ingunn Rongved | 09.02.1932 | 2017 |
Vidar Simmenes | 19.04.1948 | 2018 |
Jørgen Varden | 03.05.1942 | 2017 |
Bernt Johan Flæsland | 02.02.1948 | 2023 |
Øyvind Aasheim | 29.03.1948 | 2023 |