Jenter 98 på Åsane cup

Lørdag var det jenter 98 sin tur til å reisa på Åsane cup. Dei var påmeldt med to lag, og då det var ein del forfall fekk alle jentene  spela så mykje dei ville.
Dette førte til at det vart ein del trøtte jenter etter kvart, men då det var klart for premieutdeling hadde alle fått kreftene tilbake.

Begge laga starta med full innsats og seier i dei første kampane. Etter kvart som kreftene tok slutt vart det tyngre og tyngre og resultata vart meir varierande. Alle jentene gjorde ein flott jobb og dei syntes det var kjekt å spela kamp att etter ein lang vinter.

Her er Kjersti i fint driv.

Sara har full kontroll.

Ingeborg var solid som keeper.

Her er kreftene og smilet komme på plass att.

  Smilt til fotografen.