Osterøy IL med deltakar i Nordisk meisterskap


                 
Bjarte Vik kom godt i frå landslagsoppdraget i Nordisk meisterskap i terrengløp i Perniö i Finland i helga. Ein litt influensaredusert Bjarte vart nest beste nordmann i seniorklassen, og hamna til slutt på ein 17. plass totalt.

Med tida 27,33 på 9 km, var han 1,15 min. bak vinnaren og ca. 40 s. bak beste nordmann Sindre Buraas, som kom på 11. plass. Bjarte var berre rundt minuttet bak løparar som har 2 minutt betre tid enn han på 10000m i år.
Den lettløpte grusløypa passa perfekt for den nybakte 40-åringen frå Osterøy. Han han greitt med teten den første runden på 2,25km, men mangla turboen. Bjarte kom inn mellom 30 og 45 sekund før såpass gode løparar som Asle Tjelta, Tommy B. Laitinen og Anders Høye.
I lagkampen klarte ikkje nordmennene å hevda seg, og vart nr. 4 bak suverene danskar, svenskar og finnar. Her kunne stillinga ha blitt ei heilt anna med Bjørnar Kristensen, Dabaya Badhaso og Terje Aggvin i feltet. Alle tre måtte melda forfall pga sjukdom.
Bjarte satsar no friskt på neste sesong. Kanskje får han fornya tillit frå landslagsleiinga under neste års nordiske meisterskap i terrengløp i Trondheim.

Link til Kondis-reportasje

            Foto: Finn Kollstad