Treningstider, seriespel og cupar

Stad:

Treningane til fotballgruppa går hovudsakleg føre seg på kunstgrasbana i Lonevåg (Fugledalen). I tillegg har me aktivitet i Fotlandsvåg, og damelaget har aktivitet i Arna (på grunn av samarbeid med Arna Bjørnar). På vinterstid har junior(G19/J19)- og seniorlaga treningstid i Vestlandshallen i Åsane, medan alle aldersbestemte lag har eit ekstratilbod om trening i Osterøyhallen i Lonevåg minst ein gong i veka.

Tid:

Treningstidene til fotballgruppa varierer av om ein er i sesong eller utanfor sesong. Dei aller fleste treningar er likevel innanfor tidsrommet 17:00 til 20:00 på ettermiddag/kveldstid.

Utanfor sesong fordeler treningstidene seg på alle vekedagar. I sesong er treningar hovudsakleg måndag, onsdag og fredag, då det som oftast er kampar tysdag og torsdag. Stjernelaget vårt (tilrettelagd fotball) har treningar kvar tysdag frå kl. 17.00 til 18.30.

Det er sportsnemnda i fotballgruppa som fordeler treningstidene på dei forskjellege laga, og dermed vidareformidlar til trenarane. Treningstidene vert sett for om lag tre månadar om gongen.

Seriespel og cupar:

I alderen 6-9 år speler laga serieturneringar i regi av NFF Hordaland. Her vert det spelt 3v3 eller 5v5. Det er i snitt 4 slike turneringar i løpet av eit år, og dei går føre seg på søndagar.

I alderen 10 til 19 år vert det seriespel mot andre lag i Hordaland, fordelt etter nivå. Her kampdagane hovudsakleg tysdag og torsdag.

Stjernelaget er med på serieturneringar gjennom sesongen. I seniorfotballen vert det spelt kampar i helgene

I tillegg vert det arrangert fleire cupar i løpet av ein sesong, som dei aldersbestemte laga deltek på. Dette gjeld både i- og utanfor sesong. Kva cupar det einskilde laget er med på, vert avgjort av laget i samråd med sportsnemnda.