Siger i prestisjekamp


Øyvind og Bård med eitt supermål kvar

Det var klart for lokaloppgjer i den lokale juniorfotballen på kunstgrasbana i Fugledalen tysdag kveld. Etter ei litt famlande opning kom heimelaget meir og meir med i kampen. Øyvind Tønjum scora eit flott 1-0 på direkten etter ein corner. Ikkje lenge etter utlikna Valestrand Hjellvik etter litt rotete forsvarsspel. Kva gjorde vel det når måltjuven Bård stangar inn eit mål frå om lag 16 meter? 2-1 til Osterøy vert både pauseresultat og sluttresultat.

Osterøy sitt lag:
Keeper: Mathias Riple
Forsvar: Michael Vikne, Roger Husebø, Stian B. Johannessen, Steffen S. Gjøstein.
Midtbane: Øyvind Tønjum, Torbjørn Hovden, Frode Stokke, Jonas Kleppe
Angrep: Bård Solberg og Ruben Kleppe

Benytta innbytarar: Martin Dyvik, Richard Aasheim, Øystein Veseth, Simen Mjelde Solberg, Markus Fossdal, Baste Neu Hatland, Jørgen Greve Risholm og Thomas Langeland.


Dagens ostring Stian B. Johannesen samen med Bård’n