Surt bortetap mot Loddefjord

Osterøy gjekk på sitt andre tap for sesongen borte mot Loddefjord fredag kveld. Etter å ha komme tilbake og utlikna to gonger fekk dei gul/grøne ein i fleisen berre minuttet før slutt. Det vart dermed eit surt 3-2 tap mot eit lag Osterøy var fult på høgde med.


SKAPTE URO: Thomas Langeland var med sin store fart og høge arbeidskapasitet ei uromoment for Loddefjord si forsvarsrekkje. Langeland skåra begge Osterøy sine mål

-Dette var surt, kommenterer trenar Vidar Rosnes etter kampen. -Me viser høg moral og stor arbeidskapasitet, kjem tilbake etter å ha ligge under to gonger, likevel så vil det seg ikkje. Me hadde fortent poeng i dag.

Osterøy låg lågt i bana frå start i kampen og forsvarte seg godt. Loddefjord fekk ikkje til etablert spel og byrja slå langt på jakt etter bakrom. Dette rydda stopparparet Jens Lillefosse og Ronny Hansen godt opp i.  Trass tilsynelatande kontroll i dei bakre rekkene var det likevel heimelaget som skåra først.

Etter eit Osterøy-frispark kring Loddefjord sin sekstenmeter bryt heimelaget og slår kontra. Dei fossar nedover høgre sida, og det er til slutt heimelaget sin kaptein som lurer Einar Gjerstad på første stolpe. Eit mønsterangrep av heimelaget etter eit kvarters spel

Det tok likevel ikkje lang tid før Osterøy rista av seg sjokket. Berre 4 minuttar seinare mottek Thomas Langeland ballen på hjørnet av sekstenmeteren. Han dreg av høgrebacken og curlar ballen kontrollert over keeper. Ein kjempeavslutning. Laga går til pause på stillinga 1-1.

Første kvarteret av andre omgang får Osterøy bra flyt på spelet, men produserer ikkje store sjangsar. Det gjer ikkje heimelaget heller, men etter 20 minuttar er det dei som har overteke noko av initiativet i kampen.  Etter 35 minutt vert ein Loddefjordspelar lagt i bakken innan for Osterøy sin 16 meter. Straffe til vertane.  Denne vert sett kontant i mål, og dermed er stillinga 2-1.

No køyrer Loddefjord på. Dei produserer fleire farlegheitar framfor ein opplagt Einar Gjerstad i Osterøymålet. Heimelaget har mellom anna 4-5 cornerar på rappet før Osterøy får klarert, etter ein superredning av Gjerstad. I duellen før klareringa går Ronny Hansen ned for telling, og må ut med det som skulle vise seg å vere eit sprengt blodkar i handa.

Osterøy klarar, trass dette å utlikne Loddefjord si leiing nok ein gong. Og nok ein gong er det hardarbeidande Thomas Langeland som lukkast. Han dempar eit gjennomspel fint med seg og sender eit skot i fin bue over vertane sin sisteskanse, berre 5-6 minuttar før slutt. Dermed ser det ut som at Osterøy skal berga uavgjort.

Men Loddefjord, som er spådd ein høg tabellposisjon når status vert gjort opp i okober, vil det annleis. Berre minuttet før slutt vert eit innlegg frå høgre heada i mål til 3-2 siger for dei røde. Dermed står Osterøy med 0 poeng etter to kampar etter ein uheldig start på sesongen.

-Eg ligg ikkje vaken om natta av den grunn, seier Vidar Rosnes etter kampen. -Både mot Os 2, som etter mi meining var betre enn dette Loddefjordlaget, og i dag er me nære på å få med oss poeng. Me har dermed vist at me ikkje kjem til å bli nokon kasteball i dette selskapet, fortset han før han legg til med eit lurt smil: – Det er framleis 60 poeng å spele om. Vinn me alle dei, rykkjer me opp

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Thomas Hole, Ronny Hansen (Vidar Fosdal), Jens Lillefosse, Andreas Kollvangsnes, Martin Dyvik (Øyvind Tønjum), Kim Solberg, Kristian Daltveit, Torbjørn Hovden, Frode Evensen (Heine Solberg) og Thomas Langeland.