Målkalas i første kamp på kunstgraset

Osterøy/Fotlandsvåg Jenter 16 fekk æra av å spela den første kampen nokonsinne på den lenge etterlengta kunstgrasbana i Fugledalen. Kampen gjekk mot Kvernbit, og sidan dei hadde problem med å skaffa nok spelarar til 11-ar lag, vart det denne gongen 7-ar kamp.

Jentene vart inspirert av det store publikumsoppmøtet og  fekk inn det første målet. Kvernbit reduserte, men Osterøy/Fotlandsvåg gjekk raskt opp i leiinga igjen, etter 4-4 vart det Kvernbit som låg i tet, men våre jenter gav aldri opp og gjorde ein flott innsats som til slutt vart krona med 7-6 siger!

Eit velfortent resultat og ein underhaldande kamp for oss som var publikum. Gler oss til mange kjekke timar på den flotte bana vår!

 

Aktivitetar

Årsmøte i Osterøy IL 17.mars kl. 18.00
Osterøy IL Stadionbygg / Klubbhus
17 Mar
HTB Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl.18,45 og kl. 19,00
10 Apr