Fugledalen: Ventetida snart over

No er det snart slutt på ventetida! Kunstgrasbana i Fugledalen vert nemleg ferdig til helga, skal me tru eldsjel og dugnadsbas Eivind Solberg.

-Vermeldinga for denne veka er så bra at no har Sport Surface bestemt seg for å komme å ferdigstille arbeidet som gjenstår med kunstgrasbana, fortel ein tydeleg entusiastisk Solberg. -Dei vil vera på plass allereie tysdag. Endeleg, fortset eldsjela.

-Tysdag og onsdag vil gå med til å gjere ferdig matta mhp oppmerking av midtsirkel, seksten- og femmetrar. Så skal det i tillegg på plass to LOBAS logoar i midtsirkelen. Torsdag og fredag vert det kjørt på sand og gummikuler. Om alt går piggfritt skal bana vere klar til helga, fortel Solberg.

-Det gjenstår òg ein del arbeid som me må ta oss av sjølv. Det vil difor verta dugnad kvar ettermiddag denne veka frå kl 16.00 til kl 20.00. Det er i alle fall utgangspunktet. Er me ferdig før kl 20 går me sjølvsagt heim, smiler Solberg.

– Eg oppmodar uansett alle som kan krypa og gå om å stilla på desse dugnadane i Fugledalen i løpet av veka. Eg treng ikkje melding om kven som kan eller ikkje; dei som kan må berre møta. Me treng all den hjelp me kan få, sluttar dugnadsbasen.