Årsmøte skigruppa 15.2.2008

Årsmøte i skigruppa i skihytta.
Øyvind Litland attvalt som leiar for 2008. 
Sjå link til styre og årsmeldingar til venstre. Oppdatert årsmelding vert lagt ut om ein dag eller to ?.

leiar Øyvind Litland og kasserar Bernt  J Flæsland


Til neste årsmøte er det truleg nytt møblement på plass.


Ungdommeleg innslag på årsmøtet

Årsmøte 15.2.2008 (på 90 årsdagen til Osterøy IL).
Årmeldinga vart godkjend med nokre rettingar/tilføyingar. (vert lagt ut seinare).
Utanom dei sportslege aktivitetane er det utført ein god del arbeid i lysløypa m.a. etter flaumskader.
Rekneskapen 2007 viste inntekter kr. 182.547 og utgifter 179.415.  Driftresultat overskot kr. 3.131.
Budsjett 2008 vart vedteke med 179.000 i inntekter og 188.000 i utgifter.
Val  Sjå link til styre og årsmeldingar til venstre.

Det var som vanleg god servering og god stemning blant dei 10 som var med på årsmøtet.  Etter årsmøte var det og diskusjon om likt og ulikt som gruppa er oppteken av.