Oppvisningskamp

 

Tertnes og Brann møtast for femta gang i Osterøyhallen for å visa alle korleis HaFo kan spelast, med mest gøy og moro.
Etter Brann sitt overraskande tap i fjor har Monsen trua med å setja seg opp i startoppstillinga. Om dette får innverknad på Erlend sin posisjon som manager og eineherskar når det gjeld HaFo, er uvisst. Tertnes kjem med Lars R. Ellingsen og nyetrenaren Tore Johannesen, med von om at Elise Huseklepp også i år skal dribla av litlebroren og føra laget til ny seier.
Arrangøren av HaFo 2007 må få retta ein stor takk til desse flotte representantane for elitelaga, som stiller opp på femårs-jubileumet vårt. Autografskriving tar dei seg også tid til etter kampen. Tertnes skal spela bortekamp i serien søndag, mens Brann skal til Stavanger på mandag til viktig treningskamp mot Viking  rett før seriestart.