Treningstilbod

Skigruppa i Osterøy IL tilbyr langrennstrening for alle som vil lære å gå på ski. Det er organisert trening for aldersgrupper frå 6 år og oppover.

I skisesongen er det skitrening dersom det er skiføre i nærområdet, mens det resten av året er barmarkstrening, og basistrening i Osterøyhallen for dei eldste.

I helger i skisesongen deltar me på skirenn i Hordaland og rundt om i landet. På renn har me som oftast med ein, eller fleire som hjelper til med å smørje ski.

Skigruppa tilbyr trening frå mai til mars/april, med innlagt sommarpause. Me startar som regel opp med rulleski i mai, og går over på snø så fort det er skiføre i nærområdet.

I starten av desember arrangerer me samling på Geilo. Dette er ei utruleg kjekk og sosial samling.

Alt du treng for å trena langrenn er eit par ski, skisko og stavar. Treningstøy til kalde vinterdagar er også lurt. Når det ikkje er snø, er det joggesko og rulleski som gjeld. Skigruppa har nokre par rulleski som det er muleg å låna før ein kjøper eigne.

Det blir lagt ut treningstider på facebook-sida til OSTERØY IL SKI GRUPPE kvar veke. https://www.facebook.com/groups/304565056322/

Sponsorar

Hovedsponsorer

Samarbeidsparnere