Osterøy på Tvers

Bli med på årets utfordring i Osterøy-naturen; «Osterøy på tvers» laurdag 1. juni. Fjelløpet startar på kaien i den vakre Bruvik-bygda og går 21,1 km over fjella til Hosanger og har målgang ved Mjøsvågen Landhandleri (https://www.facebook.com/hosanger).
Her blir det «Osterøy på tvers-meny», premieutdeling og sosialt samvere for deltakarar og publikum. Turen blir ein spennande kraftprøve i vakker natur uansett om ein går eller spring. Meld deg på så snart som mogeleg, så har du målet i sikte!
I år startar turklassen klokka 9 og konkurranseklassen klokka 11. Dermed blir det ekstra liv og heiing i målområdet. Dei aller beste brukar rundt 2 timar på distansen. Dei som går, bør minst rekna 5 timar.
Påmelding:
Påmelding via EQ Timing https://live.eqtiming.com/68895#dashboard (Opnar snart for påmelding). Etterpåmelding før start mot eit lite ekstra tillegg. Det er både turklasse og konkurranseklasse. Premiering til alle klassevinnarane i konkurranseklassen, og i turklassen blir det trekt ut premiar på startnummer.
Tidtaking:
EQ Timing for konkurranseklassen. Her finn du resultatet ditt med ein gong du kjem i mål. Det blir også mellomtider på Njåstad.
Løypa:
Løypa er ein halvmaraton (21,1 km) og går i hovudsak på sti. Det er ei tøff og variert løype med ikkje så langt unna 1307 høgdemeter. Løypa blir godt merka med synlege merkeband i alle stikryss og der det er fare for å ta feil veg.
Løypa: Bruvik kai – gamlevegen opp på Brøkdalen – stien til Borgasetra tar av eit stykke før Båtaleitet – sti vidare til Njåstad – beint opp frå Njåstad på grus og sti ned att til Kallekleiv, asfaltveg forbi Myking til Turdalen – sti til toppen Tveitafjellet 556 moh – fin fjellsti før litt bratt skogsterreng ned til Åsheim – gamlevegen på skogssti og asfalt ned mot Hosanger Montesorriskule – grusveg og asfalt til mål ved Mjøsvågen Landhandleri.
Dei i turklassen som ønskjer ein litt kortare tur, kan starta på Båtaleitet etter registrering på Bruvik.
Løypekart: https://www.strava.com/routes/3091651881001220108
(Takk til Vegard Magnussen)
Det vert sjølvsagt spor etter mange føter på stiane, men ut over det oppfordrar me deltakarane til mest mogeleg sporlaus ferdsel over fjella. Ta med deg boss eller kast det i søppelsekkane ved drikkestasjonane eller ved mål.
Drikkestasjonar:
Borgasetra, Njåstad og Turdalen.
For dei i turklassen kan det løna seg å ha med ein liten sekk med drikke og nistepakke.
Startkontingent:
Konkurranseklasse kr 250
Turklasse kr 200
Born u/16 år kr 100
Etterpåmelding før start: 50 kr i tillegg.
Deler av overskotet går til Barnekreftforeininga.
Transport:
For turklassen blir det sett opp buss frå Hosanger klokka 08.00. Den passerer Lonevåg 08.15 og Kvisti 08.30.
For konkurranseklassen blir det sett opp buss frå Hosanger 10.00. Den passerer Lonevåg 10.15 og Kvisti 08.30.
Påmelding transport på SMS 952 20 456 (Øystein Øvsthus) seinast 30. mai. Sørg for å bestilla transport i god tid. Det blir truleg fullt i bussen! Og kanskje må me ha to bussar. Pris buss: 100 kr.
For dei som parkerer bilen på Bruvik (ved kyrkja), vil me tru det ordnar seg med skyss tilbake med andre deltakarar. Arrangøren vil oppmoda til samkøyring.
Bagasjetransport:
Det blir organisert transport av tøy og bagasje frå start til målområdet.
Sikkerheit:
Det er viktig å sko og kle seg etter vêrforholda. Arrangøren tilrår sekk med ekstra tøy og mobiltelefon i vasstett pose for å melda frå om uhell undervegs. Me kjem tilbake med eventuell utfyllande informasjon kring sikkerheita når me ser korleis vêrforholda blir.
Deltakarar spesielt i konkurranseklassen må vera merksame på at det er litt bratte parti ned frå Tveitafjellet – så her må ein avpassa farten etter forholda.
Arrangørar:
«Osterøy på tvers» er eit samarbeidsprosjekt mellom fire idrettslag; Osterøy, Mjøsdalen, Fotlandsvåg og Bruvik. Ved spørsmål: kontakt Øystein Øvsthus (oystein@mjosmetall.no, 952 20 456) eller Bjarte Vik (bjartevik30@hotmail, 456 02 908).
Nettsider og Facebook:
Oppdatert informasjon om arrangementet vert etterkvart lagt ut på nettsidene til Osterøy IL og Mjøsdalen IL, og sjølvsagt også på denne Facebook-hendinga her.

 

Aktivitetar

07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
01 mai
4. div: Tertnes – Osterøy IL
Åstveit Idrettspark
01 mai
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai