Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

Bruviknipa opp eller halveis

utgår 2018

Bruviknipa opp (eller halveis  ved «ekstremt» ver løpsdagen kan løpet verta avlyst eller korta ned)

Osterøytrimmen 2017 sin post 6 er på Bruviknipa.

Søndag 18. juni 2017       plakat 2017

Klasseinndeling: Konkurranseklasse med tidtaking.  Nedre aldersgrense i klasse med tidtaking er 15 år (d.v.s. f. 2002).

Start:

Kaien på Bruvik

Tur utan tid:                   kl 10.00 - 12.00

Trim/mosjon med tid:        kl 13.00

Startkontingent:

kr. 50,- pr. deltakar utan tidtaking

kr. 150,- familie

kr. 150,- pr. deltakar med tidtaking som har lisens  (kr. 180,- pr. deltakar som ikkje har lisens). Ikkje krav til sekk i 2017.

Kto for innbetaling som kan nyttast er friidrettsgruppa sin konto  3632.54.62064.  Det kan og betalast kontant ved påmelding stevnedagen.

gps-link     facebook

Norges Friidrettsforbund sine krav til motbakke/fjelløp Kartlink   Bruvikbygda       Bruviknipa   
link med foto frå det meste av løypa  
statistikk 

link med resultat/bilde frå løpet 18.6.2017   

link med resultat/bilde frå løpet 18.6.2016 

ikkje løp i 2015 p.g.a. mykje snø  

link med resultat/bilde frå løpet 15.6.2014   resultat 2014   

link med resultat/bilde frå løpet 1.6.2013
link med resultat/bilde frå løpet 17.6.2012 link med resultat/bilde frå prøveløpet 20. august 2011  

Påmelding:

Påmelding i startområdet fram til start

Parkering: Størst og best kapasitet ved Bruvik kyrkje.


Utsikt frå Brøknipa mot Bruvik og Vaksdal.

Utdrag

Løypeopplysning

Høgdemeter 818m, Løypelengde ca 4km (4080m GPS målt) (0,5km asfalt, 2 km gras/sti, 1,5 km grus/fjell).

Løypa går frå kaien og føl gamle vegen opp dalen og deretter "rett på" nipa.  Løypa har ingen farlege parti. Det er ingen våte parti. Start på kaien på Bruvik 2 m.o.h.

Målgruppe:

Arrangement som alle kan delta på. Eliteutøvere, mosjonister og familiar.

Sikkerheit:

Løypa har tilnærma stigning heile tida. Det er ingen farlege parti, men er bratt i enkelte trekk. Ved retur føl deltakarane same traseen som oppover (i alle høve ned til bilvegen) og må vika for deltakarar på veg opp. I dei brattaste strekka må det vikast ekstra forsiktigheit nedover.

Atterhald: Ved «ekstremt» ver løpsdagen kan løpet verta avlyst eller korta ned.

Generelle krav til (tryggleik i) løypene i motbakke-fjelløp

Fjelløping er ein verdsidrett som dei siste åra har blitt svært populær  i Noreg gjennom motbakke-fjelløp ( mountain-running uphill) der Skåla 1848m rett opp har blitt sjølve fyrtårnet for ei ny nasjonal løpsbølge på kraftig opptur. I 2005 år var Skåla 1848 m rett opp arena for historiens fyrste NM i motbakke-fjelløp og talet på motbakkeløp er blitt mangedobla på få år. Det er stor variasjon i løypetrasear frå løp til løp og enkelte løp har så bratte og krevjande parti at tryggleiken til deltakarane kjem i fokus. Nokre arrangørar har sikra vanskelege parti med tau og kjetting. Det er god grunn til å spørje seg om kor grensene går for kva som kan godkjennast som løypetrase i motbakkeløp innafor regelverket til Norges Fri-idrettsforbund. Motbakkeløp er ikkje fjellklatring.

Det internasjonale regelverket som er utarbeida av World Mountain Running Association WMRA er utarbeida som regelverk for EM og VM- løypene.

Fellesfor alle løp gjeld:

(a) Løypetraseen må ikkje ha farlege parti

(b) Evt. vanskelege parti i løypa må ha godt vakthald og være godt sikra

(c) I nedoverbakkar skal det ikkje være trappetrinn av stein, det skal ikkje være lause steinar og nedoverbakken skal ikkje ha eit fall på over 30% målt over ein km frå der bakken starta.

I det norske regelverket er det eit overordna krav at løypetraseane ikkje må ha farlege parti.  I tillegg er det eit krav at løpet skal kunne gjennomførast utan at det er naudsynt med tau eller andre hjelpemidlar. Tau kan nyttast som ekstra sikring i løypetraseen, men skal ikkje være naudsynleg å bruke for å kome opp. Det kan bli mange ”dramatiske” episodar dersom t.d. fleire deltakarar samstundes skal kjempe om å kome opp i det same tauet.  Deltakarane skal fritt kunne springe / gå frå start til mål utan fare for alvorleg skade/ ulykke og dette burde være tilstrekkeleg som retningslinje for alle arrangørar. Det er arrangøren sitt ansvar å sikre løypetraseen. T.d. for å hindre at løparar i bratte parti kan utløyse lause steinar som kan skade dei som kjem bak.


Bilde nedanfor frå løypeinspeksjon 31.7.2011 Fleire bilde påløypelink.

Start kaien på Bruvik

Kaien på Bruvik

Det flatar litt ut dei siste 2-300 meter

Elise Vikne i løypetest 31.7.2011. Tid 46,55

Magne Vikne i løypetest  31.7.2011. tid  50,31

Målområdet på Brøknipa