Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

Medlemspengar

I Osterøy idrottslag er alle personlege medlemmer. Ved å betala medlemspengar er ein automatisk medlem i alle gruppene i laget. Satsane for medlemspengar vert fastsett av årsmøtet i Osterøy IL kvart år.

Informasjonsfaldar for 2017 med utfyllande opplysningar om idrettslaget er å finna om du trykkjer her

Medlemspengar fastsett for 2017 (jfr. vedtak på årsmøte mars 2016):

• Born t.o.m. det året dei fyller 17 år betalar kr. 300,- pr. kalenderår.

• Vaksne f.o.m. det året dei fyller 18 år betalar kr 600,- pr. kalenderår.
Konto for medlemspengar:  3632 54 56676
Osterøy IL, boks  42,  5293 Lonevåg

Det vert lagt til eit gebyr på kr. 50,- for kvar purring. Etter betalingsfrist for 2. gongs purring vert vedkommande utestengt frå all aktivitet i Osterøy IL og kan heller ikkje representera laget.

Alle som deltek på treningar og konkurransar (stemne og kampar) skal vera medlemmer.

Det vert lagt ned store ressursar i å halde medlemsregisteret så oppdatert som råd er. Likevel er det ikkje til å unngå at det kan vera eit etterslep i rapportering frå gruppene. Styret seier seg lei for eventuelle krav som vert sende til ”feile” personar.

Medlemmane sjølve (eller dei føresette) må gje melding via brev eller e-post dersom ein ikkje lenger deltek på aktivitetar i Osterøy IL og såleis ikkje ynskjer å stå som medlem.

Det er sjølvsagt høve til å vera støttemedlem i laget. Dette er eit tilbod til dei ikkje aktive som ynskjer å støtta arbeidet som Osterøy IL driv. Satsane er dei same som for ordinære medlemmer, men ein betalar naturleg nok ikkje treningsavgift.