Me er enno ikkje heilt ferdige med omtalen av fotballsesongen 2026 for a-laget vårt. I siste kamp borte mot Fana 2 spelte kaptein Jørgen Vevle sin seniorkamp nummer 300 (!) i den gule drakta. Som del av den talentfulle 1994-årgangen starta Jørgen tidleg på a-laget og har vore der sidan, berre med eit par opphald grunna skadar.
Jørgen er eit førebilete både på og utanfor bana og både prestasjonar og treningsgrunnlag er i toppklasse år etter år. No har han berre Kim Solberg med 334 kampar framføre seg på den berømte adelskalenderen og slik Jørgen stadig heldt nivået er den rekorden i aller høgste grad innanfor rekkevidde.
Me gratulerar med dine 300 kampar og håpar på fleire sesongar med deltaking i lokalfotballen for Osterøy IL!