HAFO
HISTORIKK |
Det var i 2001 to år etter oppstarten av handballgruppa ein sysla med tanken på å få til ei HaFo helg og turnering. Ballsidigheit og samarbeid var stikkorda.
Trond Mohn sette for alvor fart i planlegginga ved å gjera oss i stand til i nært samarbeid med Osterøy Aktiv (Osterøyhallen) å få på plass utstyr og oppmerking til spel på tre baner på tvers av hallen.
Handballgruppa fekk med seg fotballgruppa i det vidare arbeidet eit samarbeid som har bidratt til god utvikling av turneringa og konseptet. Handballgruppa står framleis som ansvarleg for arrangementet som i 2007 feirar 5 årsjubileum.
HaFo har vore viktig for rekrutteringa i handball og auka aktivitet spesielt blandt gutane.
I samarbeid med barneskulane fekk me og montert HaFo baner i skulane med gymsal slik at alle skuleelevane for eit forhold til dette alt i frå 6- årsalder. Godt samarbeid med skulane er også naudsynt ved påmeldinga som dei tar seg av!
Alle elevane kan så vera med på HaFo turneringa frå 3. klassetrinn.
HaFo konseptet vert utbygd litt etter kvart men grunnsetningane er dei same:
Gratis både å delta og å sjå på
Premiering til alle
Ballsidigheit alle kan delta
Samarbeid og samhald
Gøy og moro
Positiv aktivitet
Me synest at det også kunne vera viktig å leggja vekt på litt alvor og haldningsskapande arbeid. I lag med Lions Osterøy har me kjøpt inn arrangørgenserane våre med HaFo logo på brystet og Lions sin tulipanloga på ryggen for å setta fokus på arbeidet mot narkotika.
HaFo sangen har også vore med oss frå første turnering. Den er skikkeleg fin og innhaldet er jo akkurat konseptet som vist til ovanfor. Sangen står Katrine Hauge og Steinar Vatle bak.
Opninga inneheldt også HaFo-sang og markering av arbeidet mot narkotika.
Deretter mest gøy og moro med oppvisningskamp mellom Tertnes og Brann. Utdeling av banens bestepris gitt av lokal HaFo-kunstnar ved ordføraren og utdeling av ei rose til alle på begge lag. Tertnes og Brann har stilt opp for oss og ungane i alle turneringane.
Takka vera arrangørstaben på om lag 60 personar og våre gode støttespelarar og sponsorar er det gratis både å sjå på og å delta med premiar til alle.
Teiknefilmframsyning og sal av frukt er andre ting som er komt med siste året.
I tillegg vil me gjerne ha me oss ein maskot. Alt dette for å gjera det triveleg for alle som er i Osterøyhallen under HaFo en.
Det er kjekt å sjå Osterøyhallen full med mykje folk heile HaFo helga. Ungane møttest frå heile kommunen til HaFo- spel men også til sosial samkome. Det kan verta langt mellom kampane slik at det bør vera ei god ramme rundt arrangementet.
Vårt mål er at ungane kan gled seg både før og under HaFo helga.