Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Ny dato for årsmøte i Osterøy IL vert 28. april.

Til medlemmar i Osterøy IL
Styret valde å utsetja det planlagte årsmøtet i idrettslaget no i mars i påvente av oppmjuking av reglane for deltakarar på innandørs arrangement.

Styret kallar difor inn til årsmøte i Osterøy IL onsdag 28 april kl 19 på klubbhuset. Dersom smittevernreglane tilseier at det blir vanskeleg å ha eit fysisk møte, vert det eit digitalt årsmøte på same tidspunkt. Meir informasjon om dette kjem saman med sakslista og saksdokument som vert sendt ut ei veke før årsmøtet.
Saker til årsmøtet må meldast skriftleg til post@osteroyil.no innan tysdag 20 april.
Beste helsing Hovudstyret i OIL
(25.03.21)
Osterøy entreprenør AS OH Betong Thunestvedt Veslandshus Lobas Mjelstad og Stogge Rørleggerforretning Solberg Mek. Versted AS Bergan Bygg