Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

HUSK MX-Sport Osterøytrearen Måndag 14. juni 2021 kl. 18-20

Årets første «MX-Sport Osterøytrearen» vert måndag 14. juni på Osterøy Stadion klokka 18 - 20. (HTB Karusellstevne 2 som var sett opp 14. juni vert utsett. Ny dato kjem)

PÅMELDING: https://forms.gle/N4m3YbtwiGToYNWG9     (plakat juni 2021)

Osterøy IL inviterer gladtrimmarar, mosjonistar, supermosjonistar, løparar, fotballspelarar, handballspelarar, skiløparar, turnarar, skuleelevar, bedriftstrimmarar – kort sagt ALLE til å testa seg på den klassiske 3000 meteren.
Bli med og test det raske nye dekket på Hatland. Me følgjer opp suksessen frå tidlegare års folkefest med fartshaldarar, mykje heiing og meistringskjensle.
Arrangementet vil følgja dei gjeldande smittevernreglane 14. juni. Det blir delt inn i heat med rundt 15 deltakarar i kvart heat. Det er difor viktig å oppgje tida du har mål om å springa på. Små heat er for å ivareta smittevern og sikra at du får springa med dei som er omlag jamgode. Pr. i dag er arrangementet berre ope for innbyggjarar i Osterøy kommune i alle aldrar + born og unge under 20 år frå heile fylket + toppidrettsutøvarar frå heile fylket. Dette kan endra seg fram til løpsdagen.
Startkontingenten er 50 kroner. Påmeldingsfristen er søndag 13. juni klokka 23.59. Ein må også oppgje telefonnummer i påmeldinga - dette for å letta smittesporing i tilfelle det blir naudsynt. Også publikum må registrera seg når dei kjem på stadion. Nøyaktig tidsskjema og heatfordeling blir offentleggjort om morgonen løpsdagen, men det beste heatet kjem til slutt.
For påmelding til barneløpet: Skriv "Barneløpet" under "Di måltid på 3000m" i påmeldingsskjemaet.
Spørsmål om løpet kan du senda til bjartevik30@hotmail.com eller telefon 45602908.
Det er ikkje berre «proffane» som kan springa på kunstdekket. Bli med og skap liv på Osterøy Stadion!

foto frå Osterøytrearen september 2020

Den andre Osterøytrearen i 2021 er sett opp 20. september. 

(01.06.21)