Foreldrevettregler m.m
FORELDREVETTREGLER:
- Møt frem til kamp og trening. Barna og klubben ynskjer det.
- Oppmuntra alle spelarar under kampen. Ikkje berre eigne barn.
- Oppmuntre både i medgang og motgang – ikkje gje kritikk.
- Ikkje forsøk å påverka barna under kamp. Respekter trener / lagleiar sin bruk av spelarar. Dersom det er noko du er ueinig i – ta dette opp med trenarar / lagleiar etter kampen eller ei anna gong.
- Ikkje kritiser dommaravgjeringar. Sjå på dommaren som ein rettleiar.
- Lær barna å tåla både seier og tap.
- Oppmuntra, ikkje press barna til å delta.
- Spør om kampen var morosam og spennande. Ikkje fokuser på resultat.
- Sørg for riktig og fornuftig utstyr. Spør eventuelt trenarar / lagleiar om råd.
- Respekter arbeidet klubben gjer. Tilby din hjelp.
- Det er barnet ditt som spelar handball – ikkje du.
- Det viktigaste er at barnet ditt trivest, og har det gøy saman med venner.
FORELDREKONTAKT
Kvart lag skal ha minimum ein foreldrekontakt. Foreldrekontaktar i klubben er den ekstra spelaren som alle lag treng for å få eit godt lag.
Foreldrekontakten sin viktigaste oppgåve er å vera bindeledd mellom laget, trenarane og styret.
Foreldrekontakten sine oppgåver
- Arrangera foreldremøte, eit om hausten og eit om våren. Fleire om nødvendig.
- Fordela halloppgåver når ditt lag har ansvar. Kiosk/kjøkken, billettsal, sekretariat, fairplayvert. Sjekk / sjå nærare på osteroyil.no/handball
- Informera om foreldrevettreglene (sjå lengre nede)
- Fylgja med på osteroyil.no/handball og halde seg oppdatert på kamptidspunkt, treningstider og andre oppdateringar.
Oppgåver saman med trenarar
- Ajourføra spelarlister. Passa på at alle er medlem. Viktig med tanke på forsikring!
Det ligg registreringsskjema for spelar i utstyrsskapet i hallen.
- Sjekka at alle spelarar har betalt spelarlisens frå 1. januar det året dei fyller 13 år. Lisensen er ein forsikringspremie som dekker utgifter ved skader på trening, kamp og reise til / frå kamparena.
- Passa på at laget har reine drakter med seg på kamp, samt medisinutstyr. Gje beskjed til materialforvalter hvis du treng påfyll av is, tape, plaster m.m.
- Ansvar for sosiale aktivitetar i dialog med trenarar og foreldre. T.d. ei avslutning etter sesongslutt. Handballgruppa sponsar kr. 500,- i halvåret for kvart lag.
- Gje beskjed til styret dersom ulike problem skulle oppstå.