Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Knarvikmila 2020

God innsats. Lørdag  5. sept var det 5km der Magnus Gjerstad var først på 5 km på ny løyperekord 14,42.  Søndag 6.9. var det 10 km med desse på startstreken. (foto:BV)

Arrangørlink  

5.9. 5 km

14,42 Magnus Gjerstad,  18,33 Bjarte Vik, Gisle Raknes 19,29 og Tore Hannisdal 20,04   I Lovstafetten 5.9. deltok Markus Loftås på vinnarlaget.

6.9. 10 km

Bjarte Vik var også på plass og heia fram Team Batti deltakarar. (BV tekst frå facebook)

"Trass i ei sterkt nedskalert Knarvikmil vart det ein festdag i Knarvik i dag også. Det er berre å byrja treninga til neste år. Knarvikmila er verkeleg verd å få med seg. Jonas Lillejord (1163) gjennomførte 10 km solid på 33.13 og kunne nok ha pressa ned på 32-talet viss det stod om livet. Skalpen til ein såpass god løpar som Sondre Øvre-Helland var nok grei å få i beltet.

Bra forhold i dag, men løypa er nok eit minutt seigare enn ei flat løype eller på bana. Alf Johannessen (1159) forbetra persen med over minuttet til 36.23 og var høgt oppe etterpå. Verkeleg kjekt å sjå framgangen hans sidan i sommar. Inge Magnar Hauståker (1160)  hadde håp om under persen 38.40, men det blei litt for tøft å hengja seg på Varegg-veteranen Bjørn Bongom - som sin vane tru sprang noko fortare enn ambisjonane på startstreken. Tida til Inge Magnar blei 39.09.

Ostringen Bjørn Tore Taranger  (1153) hadde håp om under 35, og hamna til slutt på 35,33, men han skal jaggu ha for innsatsen! Ingen lokale vann bilen trekt på startnummer, men det kan endra seg til neste år. Interesserte kan elles sjå ein artig samtale mellom Magnus Gjerstad, Anders Totland og Bygdanytt-redaktøren i linken som er lagt ut. Er ikkje dette god Osterøy-reklame, så veit ikkje eg".

(07.09.20)