Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Askokarusellen Arna idrettspark 12.8.2020

Det var fleire som prøvde seg på 1 engelsk mil på Arna idrettspark. (foto:BV)

4 mann under 4 minutt på 1 engelsk mil på Arna idrettspark

Det var drøymeforhold under Askokarusellen i kveld der det store høgdepunktet var 1 engelsk mil. Heile 4 mann kom under den magiske 4 minuttsgrensa og oppnådde tider av internasjonalt kaliber. Her kjem resultata, der alle sette personlege rekordar:
1) Narve Gilje Nordås Sandnes, 3.56.62
2) Mats Hauge, Gular, 3.57.25 Ny kretsrekord for Hordaland
3) Jacob Boutera, Gular, 3.57.38
4) Bjørnar Lillefosse, Gular 3.59.81
5) Anders Bjørndal, Gneist 4.05.65
6) Sondre Hoff, Gular 4.07.22
7) Jon Overå Sætre, Gneist 4.17.11
8) Jonas Lillejord, Osterøy 4.39.26
- Trygve Fedje Mjelde, Osterøy DNF

Mats Hauge slo også den legendariske klubbrekorden i Gular som Arne Hamarsland sette i 1959 med 4.00.8. Trygve Fedje Mjelde gjorde ein glimrande jobb som hare. (foto: Asgeir Thomassen

2020-08-12
Ove Leon Låstad

Det blei også registrert offisielle passeringstider på 1500m. Her kjem dei:

1) Narve Gilje Nordås, Sandnes 3.41.51
2) Mats Hauge, Gular 3.41.84
3) Jacob Boutera, Gular 3.42.12 (ny pers)
4) Bjørnar Lillefosse, Gular 3.43.66 (ny pers)
5) Anders Bjørndal, Gneist 3.44.18 (ny pers)
6) Sondre Hoff, Gular 3.50.90  (ny pers)
7) Jon Overå Sætre, Gneist 3.57.92 (ny pers)
8) Jonas Lillejord, Osterøy 4.21.17 (ny pers)

Av damene var kravet for kretsrekord 5.00, men Eli Anne Dvergsdal, Gneist kom litt for seint til å klare den tida. Ho noterte 5.04.48 og passerte 1500m på 4.44.47.
Komplett resultatliste:  arrangørlink 

Mirjam Mjelde sprang 1 engelsk mile på 5,55,08.  Det er  lagsrekord (bestetid) så vidt ein kan sjå.

(13.08.20)