Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

Norgescupfinale Lygna

Elias imponerte med ein sterk 8. plass på 15 kilometer klassisk fellesstart under Norgescupfinalen for juniorar på Lygna søndag.

I finalen var det dei 50 løparane frå kvar aldersklasse som har sanka mest poeng gjennom sesongen som kunne væra med. Elias har vore stabil blant dei 20 beste i 18-årsklassen gjennom heile vinteren, og vart til slutt nummer 17 samanlagt i Norgescupen. Her vart Torjus nummer 58 og Jonatan nummer 62.
Norgescupfinalen var ein del av NM for senior og torsdag var det sprintstafett på programmet. Her vart Elias og Torjus nummer 47 i konkurranse med Norges beste seniorar.
Fredag var det 10 km fristil der juniorane fekk bryna seg mot seniorane. Blant dei over 400 som fullførte vart Elias 164, Torjus 286 og Eirik 302.

Norgescupfinale

Norgescup

Sprintstafett

10 km fristil

10 km fristil M18

(01.04.19)