Om Osterøy I.L. | Grasrotandel-nr: 975 682 447

24 timars løp Bislett/under 23. -24. november 2019

Per Ole Mostrøm sprang 150,15 km på 21,46,06 (fotoPOM)

Per Ole imponerar stadig.  Denne gongen med deltaking i 24 timars løp.  Per Ole gav seg etter 150,15 km og dermed sikra medalje for innsatsen.

Spring ein minimum 150km(Menn) og 130km(Kvinner), så får ein medalje. Per Ole truar med å kvila seg til 2020 etter den ekstreme innsatsen. 150,15 km vart passert på 21,46,06.

Per Ole sine løp på 50 km 16.2.2019 på 4.07,16 og 24 timars løp  23.-24.nov 2019 med 150,15 km vert registrert som OIL bestetider på dei litt uvante distansane.

Osterøy IL har no også fått ein ultraløpar. Per Ole Mostrøm tok seg ein helgetur til Oslo og deltok på Bislett/under 50 km. Tida blei 4.07,16. link passeringer
.
Ultraløpet gjekk på innandørsbana under Bislett Stadion. Per Ole sprang 546m x 91 + 1 runde på 314m. Dette tilsvarar 125 gonger rundt bana på Hatland. Første 10 km gjekk på rundt 46 minutt. Passering halvmaraton på 1.37 og heilmaraton på 3.24. Det er ny pers med rundt to minutt!

Rapport frå Per Ole: "Eit veldig flott arrangement med musikk på høgtalara, publikum,gode arrangørar, alltid tilgang på mat og drikka gjennom løpet og ingen fare for vær og vind heller. Var sjølvsagt litt lei springing på slutten. Men når eg hadde kommet i mål og fått i meg ein colakopp i handa hjå sjølvaste Steinar Hoen og reflektert litt, då må eg innrømma at løpet gav meirsmak. Så til neste år må me auka andelen med raude OIL skjorter i Tigerstaden!"

(24.11.19)