Om Osterøy I.L. |Grasrotandel-nr: 975 682 447Innlogging intranett

Godt frammøte på boksleppet 4. DESEMBER 2018

Bjarte Vik presenterte utdrag frå lagsboka.

Jubileumsboka er eit prakteksemplar på godt over 300 sider, fylt til randen med gode historier og bilete frå 100 idrettsglade år.

Fleire av forfattarane av vart heidra med ei bok for innsatsen.  Jørgen Varden har skreve om Sentralidrettsanlegga på Hatland.

Jubileumsutstillinga står framleis på museet, men teken ned om ikkje så lenge.

x

Kjell Bolset med sine gamle hoppski

x

x

x

Ikkje uventa at det er Sigrid Borge som er på framsida av boka.


Jubileumsboka kan kjøpast i butikk og på stands frå onsdag 5. desember. Om du ønskjer å få boka tilsendt kan bestilling gjerast alt no.

KJØP JUBILEUMSBOKA I BUTIKK

Frå onsdag 5. desember kjem jubileumsboka i sal i fleire av daglegvarebutikkane på Osterøy:
• Rema 1000 Lonevåg
• KIWI Haus
• Extra Valestrand

Det vert og stands fleire stader rundt omkring på Osterøy. Tidspunkt vert annonsert på Facebook.
Pris for kjøp i butikk og på stands kr 350,-

FÅ JUBILEUMSBOKA TILSENDT

I tillegg vert det mogeleg å bestille boka direkte frå Osterøy IL, og få den tilsendt pr. post. Ei bestilling av jubileumsboka må innehalde følgjande informasjon:
• Namn, adresse og postnr./stad til mottakar.
• Namn på betalar (for å registrere innbetaling i bank eller Vipps)
• E-post
• Mobilnummer

Pris for tilsendt jubileumsbok kr 470,- (inkl. fraktkostnadar med Postnord/My Pack i Norge)

Betaling helst til kontonummer: 3632.54.56676
Ein kan og nytta Vipps: 508679

Send bestillinga til: post@osteroyil.no

OBS! Boka vert sendt når innbetaling er registrert.
Siste frist for bestilling med levering før jul er 14/12-18.

Som det meste i eit idrettslag har jubileumsboka vore eit lagarbeid. Osterøy IL vil takka alle som har bidrege til setja saman det store puslespelet ei slik hundreårssoge er. Først om fremst ein stor takk til redaktør Bjarte Vik for det særs grundige og omfattande arbeidet han har lagt ned. Også ein stor takk til Elin Herland, som har vore prosjektansvarleg frå hovudstyret og som har stått for den grafiske  utforminga av boka. Jubileumsboka ville også ha vore langt tynnare utan arbeidet Vidar Simmenes har gjort for å digitalisera og katalogisera det historiske arkivet til Osterøy IL. Han har vore ein god ressursperson i prosjektet frå start til mål.   

Ein stor takk også til:  Ragnhild Balsvik, Roald Åge Kleppe, Thor-­Eivind Mjelde, Vidar Rosnes, Jørgen Varden, Kirsten Varden og Jo Are Vik for å ha skrive kvar sine kapittel i boka. Eli Simmenes Vik for skanning av foto, sekretærfunksjon og språkvask. Øyvind Litland som pådrivar og organisator for  skikapittelet. Kristin Thue for skriftleg og munnleg informasjon om volleyball historikken. Svein Lohne for skriftege bidrag og gode innspel til delar av manus. John Erik Jørgensen for grafisk hjelp med  fotballkapittelet. Jan Arve Johannesen for organisering av fotballsamlingar og elles god hjelp. 

Bygdanytt og  Ostringen for å ha stilt arkiv og bilde til disposisjon.  Osterøy  Museum for god hjelp og samarbeid om forteljarkveld og  jubileums utstilling. Osterøy Sogelag ved Geir Kleiveland for utlån av foto og deling av nyttige erfaringar. Dei tilsette ved Osterøy Bibliotek. Eirik Førde for bruk av forsidefoto. Fotografar og journalistar som har lånt ut bilde. Spesiell takk til Svein Ove Søreide, Dagrun Stokke, Trygve Feidje Mjelde, Thor-­Eivind Mjelde, Bjarte Vik og kondis.no. Alle  privatpersonar som har lånt ut foto. Alle  noverande og tidlegare utøvarar, trenarar, foreldre og støttespelarar som har stilt på mimresamlingar, blitt intervjua eller som har bidrege med gode historier og informasjon på ulike vis.

Som i alle storverk vil det statistisk vera feil/manglar.

Rettingar m.m. vil ein samla her. Finn du noko som kan vera feil eller uklart i boka, send melding til

post@osteroyil.no   eller   vidsimm@online.no

(04.12.18)